Artikkelstart
Ole Tobias Olsen var prest, folkeminnesamlar og fotograf. Han var ein av dei første amatørfotografane i Noreg og «far til Nordlandsbanen».
Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Ole Tobias Olsen var prest, folkeminnesamlar og fotograf. Han var ein av dei første amatørfotografane i Noreg og «far til Nordlandsbanen».
Ole Tobias Olsen var fødd i Dunderlandsdalen i Rana i Nordland og døydde i Kristiania (no Oslo). Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminarium i 1852, var lærar i Hadsel og i Kristiania. Olsen vart student i 1860 og fullførte presteutdanning ved universitetet i Kristiania i 1866.
Han hadde vanskar med å få prestestilling, og dei neste åra følgde han førelesingar ved universitetet og livnærte seg av privatundervisning, urmakararbeid, pianostemming og fotografering. Han var ein av fotopionerane her i landet. Alt i 1863–1864 hadde han skaffa seg eit fotoapparat, og på ein ombygd trehjula velosiped sykla han rundt i Kristiania og tok bilete. Frå 1873 til 1882 arbeidde han som teknisk fotograf og assistent ved jernbanekontoret i Kristiania. På denne tida fann han òg opp blåkopiteknikken.
Frå 1883 til 1904 var han sokneprest i Hattfjelldal, der han hadde fleire kommunale verv. Han var både ordførar og amtsordførar. På ein tur i Storbritannia i 1862 hadde han fått ideen om ein jernbane gjennom Nordland som skulle gjere det lettare å frakte fisk. Han var medlem av jernbanekommisjonen for Nordland frå 1885 og er kjend som «far til Nordlandsbanen».
Som pensjonist budde han i Kristiania. I 1870 hadde han fått stipend for å samle inn eventyr, segner og folketonar frå Rana. Han ordna no materialet og gav i 1912 ut Norske folkeeventyr og sagn samlet i Nordland. I 1982 kom Folketonar frå Nordland, redigert av Øystein Gaukstad. Glasplatenegativa til fotografia hans, over tusen i talet, vert oppbevarte i Nasjonalbiblioteket i Oslo og i Oslo Museum. Fleire av fotoapparata finst på Norsk Teknisk Museum i Oslo.
I 1919 vart Olsen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.