Ole Mørk Sandvik

Faktaboks

Ole Mørk Sandvik

O.M. Sandvik, Ole Sandvik

Født
9. mai 1875, Helgøya i Nes (no Ringsaker), Innlandet
Død
5. august 1976, Oslo

Ole Mørk Sandvik, ukjent år.

Av /Domkirkeodden.

Artikkelstart

Ole Mørk Sandvik var ein norsk musikkforskar- og samlar, teolog, forfattar og pedagog. Han var den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. I I 1927 grunnla han Norsk Musikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo.

Bakgrunn

Ole Sandvik var fødd i Nes i Hedmark. Etter eksamen ved Hamar seminar i 1895 studerte han teologi ved Universitetet i Kristiania frå 1897. Sandvik vart cand.theol. i 1902 og dr.philos. i 1921, med avhandlinga Norsk folkemusikk, særlig Østlandsmusikken. Ole Sandvik var son av musikklæraren Paul Sandvik.

Han vikarierte i folkeskulen i Florø i 1895–1896, ved Hamar offentlege skule i 1897 og ved Vestheim skole i Oslo i studietida. Ved Vestheim skole fekk han fast tilsetjing frå 1902, og seinare var han overlærar og etter kvart lektor ved Hegdehaugen skole, frå 1913 til 1945. Sandvik underviste i messe- og kyrkjesong ved Det praktisk-teologiske seminaret, Universitetet i Oslo frå 1916 til 1947 og ved Menighetsfakultetet frå 1921 til 1947. Han grunnla Norsk Musikksamling i 1927 og Paul Sandviks musikkbibliotek i 1935. Han var medarbeidar i Folkemusikkhalvtimen i NRK i 1951–1952.

I 1911 fekk han universitetsstipend til innsamling av norsk folkemusikk, og i 1913 stipendopphald frå kyrkjedepartementet til å studere tysk skule. Han gjorde undersøkingar av folkemusikk i Sverige, Irland og Skottland i 1920-åra.

Innsamlingsarbeid

Foto av ein leikarring i Irland, tatt av Ole Mørk Sandvik på studiereisa til landet i 1927.

Av /Nasjonalbiblioteket.

Sandvik samla folkemusikk frå mange kantar av landet og stod i fremste rekkje når det gjaldt metode for nedteikning av folkemusikk. Han hadde vørdnad for informantane sine, mellom dei Hanna Moren, Anne Turtum, Mari Holbø og Ivar Braataa, og han fekk kjennskap til fleire gjennom forfattarane Ivar Kleiven og Olav Aukrust. Aukrust var sjølv folkemusikksamlar og informant for Sandvik. Han hjelpte òg Sandvik med språklege spørsmål i nedteikninga av salmar, viser og lokkar.

I Folkemusikk i Gudbrandsdalen (1919) problematiserte Sandvik spørsmålet om det finst ein typisk norsk musikk. Han fann mange variantar av dei ulike folketonane og lanserte ideen om musikalsk dialektforsking etter innspel frå faren. Konstruktivt samarbeid hadde Sandvik òg med Knut Liestøl. Liestøl oppmuntra han til arbeid med folkemusikk i Vest-Agder og introduserte han for Johannes Skar og Setesdalstradisjonen.

Musikkforskar

Sandviks kunnskap om europeisk musikkhistorie i ulike sjangrar og periodar var formidabel. Edvard Grieg var ein av dei norske favorittane, men han hadde òg sans for modernistiske komponistar som Fartein Valen.

Utfordringane ved å vere kvinneleg komponist på 1800-talet i eit mannsdominert miljø var mange, og Sandvik var ein av dei første som arbeidde med slike problemstillingar. I boka Agathe og O.A. Grøndahl (1948) fortel han om den første store kvinnelege komponisten i Noreg, Agathe Backer Grøndahl. Han analyserer den faglege utviklinga hennar, gir ei utførleg opusliste og peikar på arbeidet hennar med innsamling og arrangering av folkemusikk. Han nemner Ivar Blekastad og Ivar Mortensson-Egnund som moglege informantar for denne delen av arbeidet hennar.

Verv

Sandvik hadde fleire verv. Han var sekretær i komiteen for ny koralbok i 1923–1926, i komiteen for liturgisk musikk til 900-årsfeiringa av heilag-Olav og i Norsk samfunn for musikkgransking. Sandvik var formann i Kyrkjesongforbund for Oslo bispedøme frå 1932 til 1949, visepresident i International Folk Music Council frå 1947 og leiar i Norsk Folkemusikklag frå 1948 til 1965.

Han var redaktør for Norsk musikkgransking frå 1937 til 1958 og skreiv artiklar i dagspresse og tidsskrift. Saman med Gerhard Schjelderup gav han ut Norges musikkhistorie (1921–22). Sandvik var medredaktør av songbøker, leksikonforfattar og gav ut fleire store arbeid, særleg om kyrkje- og folkemusikk.

Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1939 og heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1966. Han har fått æra for at musikkvitskap vart universitetsfag i Oslo.

Heider

Sandvik vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1949, og han fekk Nansenmedaljen («Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning») i 1966.

Utgivingar i utval

  • Norges musikkhistorie (1921, 2 bind) med G. Schjelderup,
  • Graduale for den norske kirke (1925)
  • Norsk koralhistorie (1930)
  • Realskolens sangbok (1932, revidert utgåve 1946) med K. Koppang
  • Gymnasiets sangbok (1932) med K. Koppang
  • Østerdalsmusikken (1943)
  • Folkemusikken i Gudbrandsdalen (2. utg. 1948)
  • Agathe og O. A. Grøndahl (1948)
  • Ludv. M. Lindeman og folkemelodien (1950)
  • Setesdalsmelodier (1952)
  • Norske religiøse folketoner (bind 1 og 2, 1960 og 1964)
  • Springleiker i norske bygder (1967)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Otlu Alsvik, Ella Arntsen og Robert Levin (red.): Musikken og vi, bd. 3. Oslo 1983
  • Øyvind Anker: Ole M. Sandvik. Minnetale i det norske Videnskaps-akademi. Særtrykk av Det norske videnskaps-akademis årbok 1977
  • Andreas Bjørkum ofl.: Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2. Oslo 1996
  • Sparre Olsen: «O.M. Sandvik», Festskrift til O.M. Sandvik på 70-årsdagen. Oslo 1945
  • Festskrift til O.M. Sandvik på 70-årsdagen. Med fyldig bibliografi av Øystein Gaukstad og portrett av Erling Enger, Oslo 1945
  • O.M. Sandvik: Agathe og O.A. Grøndahl. Oslo 1948
  • O.M. Sandvik: «Indtryk fra en stipendiereise til Tyskland sommeren 1913», Den Høiere skole nr. 8/1915
  • O.M. Sandvik: «Hanna Moren – en viktig kilde til Østerdalsmusikken», opptrykk i Årbok for norsk folkemusikk 1995
  • O.M. Sandvik: «Fra Østerdalsmusikken. Melodier fra seterlivet», opptrykk i Årbok for norsk folkemusikk 1995

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg