Artikkelstart
Ole Kopreitan var politisk aktivist. Han gjekk ut av Sosialistisk Folkeparti i 1969, vart i 1971 organisator i folkerørsla mot EF og var i 30 år dagleg leiar for Nei til atomvåpen.
Ole Andreas Kopreitan
Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Ole Kopreitan frå Nei til atomvåpen med stand på Karl Johans gate i Oslo 13. juli 1989. Kopreitan var eit velkjent innslag i bybiletet med barnevogna si med buttons, merke og litteratur mot atomvåpen. Her har han har fått ny barnevogn av organisasjonen Bestemødre for fred / Bestemødre på Stortingsplassen, representert ved Olaug Stixrud (f.v.), Oddlaug S. Andersen og Borghild Solly.
Ole Kopreitan var politisk aktivist. Han gjekk ut av Sosialistisk Folkeparti i 1969, vart i 1971 organisator i folkerørsla mot EF og var i 30 år dagleg leiar for Nei til atomvåpen.
Ole Andreas Kopreitan var fødd i Stavanger i Rogaland og døydde på Eidsvoll i Akershus (no Viken). Han voks opp på Hitra og Eidsvoll, tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas og lærareksamen ved Sagene lærarskule.
I 1963–1965 var Kopreitan leiar for Sosialistisk Ungdomsforbund, den nyskipa ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF), og 1967–1969 var han partisekretær i SF. Då SF vart delt i 1969, var han mellom dei som marsjerte ut av landsmøtet, men han heldt avstand til ml-rørsla.
Den største innsatsen gjorde han som aktivist og organisator i grasrotaksjonar og folkerørsler. Frå hausten 1970 arbeidde han i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, først som friviljug på hovudkontoret, frå 1971 som fast tilsett. Frå 1981 til han døydde, var han dagleg leiar for Nei til atomvåpen.
I tidlege år og før han byrja i Nei til atomvåpen, var han aktiv i mange andre aksjonar og tiltak, mellom anna mot apartheid-regimet i Sør-Afrika, mot Vietnamkrigen, mot kjernekraft, for miljøvern. I seinare år var han ofte å sjå på Karl Johans gate i Oslo, der han spreidde aksjonsaviser, brosjyrar og jakkemerke frå ei ombygd barnevogn. Ei av barnevognene er utstilt i Wergelands Hus på Eidsvoll 1814.
I 2002 vart Kopreitan heidra med Zola-prisen, utdelt av Foreningen til fremme av sivilt mot.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.