Faktaboks

Ole Didrik Lærum
Fødd
23. april 1940, Bærum
Død
24. januar 2023, Voss
Verke
Patolog
Familie

Foreldre: Lege Birger Lærum jr. (1906–91) og biletvevar Goro Lynne (1909–2003).

Gift 1) 25.4.1964 med fysioterapeut Mari Norderud (25.11.1940–), dotter til aktuar Kåre Norderud (1907–98) og Signe Tronbøl (1907–79), ekteskapet oppløyst 1997; 2) 17.8.1999 med musikar Reidun Horvei (7.6.1958–), dotter til børsemakar Håkon Horvei (1931–) og avdelingsleiar Odlaug Haraldsen (1935–).

Ole Didrik Lærum
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Ole Didrik Lærum var ein norsk lege og professor i patologi og onkologi ved Universitetet i Bergen (UiB). I tillegg til omfattande vitskapleg verksemd innan kreftforsking utmerka han seg som universitetspolitikar, forskingsformidlar og kulturhistorikar.

Bakgrunn

Ole Didrik Lærum vart fødd i Bærum. Familien flytta etter kvart til Voss, der farsslekta kom frå. Lærum tok examen artiumVoss offentlege landsgymnas i 1959. Far, farfar og oldefar hadde alle vore legar, men der dei tidlegare generasjonane hadde hatt eit pasientretta yrke som tuberkulose- og distriktslegar, valde Lærum alt frå studietida i Oslo ei yrkesretning innan forsking. Eit semester ved Pasteur-instituttet i Paris var med å fange interessa for vitskapleg verksemd.

Akademisk karriere

Etter avlagt medisinsk embetseksamen i 1965 vart Lærum forskingsstipendiat ved Institutt for patologi ved Rikshospitalet, med Leiv Kreyberg og Olav Hilmar Iversen som inspiratorar. Her studerte han samanhengen mellom energistoffskifte, celledeling og kreftutvikling, med musehud som modell. Dette arbeidet vart forsvart for den medisinske doktorgraden ved Universitetet i Oslo i 1969.

Etter dette tok Lærum spesialistutdanning i patologi ved Rikshospitalet, og var gjesteforskar i Tübingen i Tyskland, før han i 1974 vart utnemnd til dosent i eksperimentell patologi og onkologi ved Avdeling for patologi ved Gades institutt ved UiB. I 1979 vart han avdelingssjef same staden. Frå 1980 hadde han eit personleg professorat i same fagområde ved avdelinga.

Lærum var ein særs aktiv forskar, med ein produksjon på meir enn 350 artiklar og eit tjuetals bøker. Han var rettleiar ved nærare 40 doktorgradar. Forskinga har spent vidt, med mekanismar for kreftutvikling og regulering av celledeling som hovudtema. Lærum var tidleg ute med å ta opp nye teknikkar, og var såleis den første som nytta væskestrømcytometri i Noreg, ein metode for automatisk måling og sortering av celler. Eit anna felt der Lærum var tidleg ute, er studiet av kronobiologi. Han innsåg at slike rytmar kunne ha noko å seie for praktisk kreftbehandling og starta forsking på stamceller i beinmarg, der mellom anna døgnvariasjonar og effekt av ulike cellegifter vart undersøkt.

Lærum markerte seg òg når det gjaldt studier av kreft i sentralnervesystemet. I forskingsgruppa hans fekk ein fram modellsystem for trinnvis kreftutvikling i hjernen og for invasjon av hjernesvulstar i normalt vev. Dei seinare åra ivra Lærum for bruk av biobankar i kreftforsking, ved å utnytte det patologiske arkivmaterialet som har vore samla inn ved norske sjukehus sidan 1930-talet.

Lærum var medlem i utval og komitear nedsett av universitet, departement og andre instansar. Han var mellom anna styreleiar i Norges Forskningsråd under den store omstillinga i 1992–1994, då fem ulike forskingsråd vart slått saman til eitt. Lærum var prorektor ved Universitetet i Bergen i 1984–1989 og rektor i 1990–1995. Rektorperioden var ei omskifteleg tid for UiB, med ein nærast eksplosiv auke i studenttalet og nye utfordringar frå samfunnet rundt. Med Lærum som rektor vart grunnlaget lagt for Griegakademiet, nye studieretningar, utvida samarbeid med næringslivet og utbygging av dei internasjonale relasjonane ved UiB.

Forskingsformidling

Lærum la alltid vekt på popularisering av forsking. Han var ein populær føredragshaldar i radio og fjernsyn og ved ulike tilstellingar, i tillegg til å skrive fleire bøker med populærvitskapleg siktemål. Medisinsk humor er eit anna tema han har vore oppteken av. Vidare har han engasjert seg i norsk medisinsk historie gjennom artiklar, føredrag, innsamlings- og utstillingsarbeid, og har mellom anna skrive to bøker om legepraksis i eldre tid.

Andre verv, engasjement og utmerkingar

Lærum arbeidde med lokalhistoriske emne frå Voss som årestover, bygdekunstnaren Magnus Dagestad og spelemannen Sjur Helgeland. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1991, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1981 og Academia Europaea frå 2001. Han var heidersdoktor ved Københavns Universitet og Carol Davila-universitetet i Bucuresti. Lærum mottok fleire prisar for arbeidet sitt, som til dømes Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar (1978) og NAVFs pris for populærvitskapleg innsats (1988). Lærum vart utnemnd til storriddar av Islands Falkeorden i 1994 og kommandør av St. Olavs Orden i 1996.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevingar i utval

  • Den forunderlige vitenskapen, 1980
  • Mennesket og biorytmene, 1983
  • Magnus Dagestad. Treskjerar, spelemann og livskunstnar, 1989
  • Røykstova. Bustad gjennom tusen år (sm.m. N. G. Brekke), 1990
  • Spelemannen Sjur Helgeland, 1991
  • Mennesket og tida, 1999
  • Gamledoktoren forteller, 2005
  • I ulveskinnspels. Legens historie i tre slektsledd, 2006

Litteratur

  • Norges Leger, bd. 3, 1996
  • Hvem er hvem 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg