Ole er eit mannsnamn som er dansk form av Olav.

Namnedag er 29. juli. Ola og Olav har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ole

Kulturell bruk

  • » Blomster-Ole» (1849), dikt av Jørgen Moe.
  • Ole Aleksander, hovudperson i barnebøker (frå 1953) av Anne-Cath Vestly.
  • Ole Brumm, teddybjørnen i Thorbjørn Egners versjon av A.A. Milnes barnebøker.

Kjende personar med namnet Ole

Eit utval personar med namnet Ole, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 33 971 menn i Noreg som hadde Ole som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Ole var det fjerde mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 85 gutar som fekk namnet Ole.

Utvikling i bruk av namnet

Ole var det desidert mest brukte namnet på 1800-talet. Tidleg på 1800-talet var det 14,7 prosent av gutane som fekk dette namnet. Til samanlikning var det berre 1,5 prosent som fekk det mest populære namnet i 2019, Jakob (inklusive prosenten for varianten Jacob). Det gjekk gradvis tilbake med Ole til det stabiliserte seg på 1,5 prosent (1930–1959). På 2000-talet har Ole gått enda meir tilbake. Jamført med Ola har likevel Ole lege på eit høgare nivå også på 1900-talet (brukt 2,7 gongar meir enn Ola).

Utvikling i bruk av namnet Ole frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ole frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ole på 1800-talet.

Ole var mest brukt i Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ole på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ole var mest brukt i Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Historisk bruk av namnet Ole
Historisk bruk av namnet Ole
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg