Faktaboks

Ole Barman

Ole Gregor Liljedahl Barman

Fødd
20. august 1897, Ålesund
Død
1983

Ole Barman var forfattar, lensmann, dramatikar og teatersjef. Han var sjef for Det Norske Teatret i to sesongar i 1950-åra, med permisjon frå stillinga som lensmann i Bærum.

Barman debuterte i 1918 med teaterstykket Mormonaren. Ein av romanane hans vart dramatisert og oppført både på Det Norske Teatret og i NRK. Men Barman var ikkje noko utprega teatermenneske, han vart tilsett på bakgrunn av at han hadde brei og allsidig organisasjonserfaring. Han hadde sete i styret for Det Norske Teatret, i styret for Den norske Forfatterforening og i styret for Norsk Bokmannslag, og han hadde vore med på å starte opp Norske Dramatikeres Forbund.

Sjefstida hans fall i ei vanskeleg tid. Barman sleit både kunstnarleg og kommersielt, med eit heiderleg unntak i Asbjørns Toms dramatisering av Alf Prøysens Trost i taklampa (1952), som trekte fulle hus i lang tid og representerte ei kjærkomen fornying av Det Norske Teatrets folkekomedietradisjon.

Barman var lensmann i Bærum frå 1939–1967 og formann i Norges Lensmannslag frå 1938–1952.

Barman gav ut novellesamlingane Han Kristafor-Knut og andre karar (1927), Sjørop (1928) og Draumen (1968), og romanane Fast i fjellet (1930) og Ein mann gjekk heim (1933).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Ole Barman
Historisk befolkingsregister-ID
pf01074094002412

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg