Olbjørg er eit nylaga kvinnenamn (1894). Ol- kan vere tatt frå til dømes Ole eller Ola.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Olbjørg Olsen fødd 1894 i Trondheim, busett i Bergen i 1900. Faren til Olbjørg heitte Andreas Olsen. Dette inneber at farfaren truleg har heitt Ole, og at Olbjørg er oppkalling etter han.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Olbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg