Olav Paulson

Faktaboks

Olav Paulson

Ole Paulson

Født
20. september 1822, Herøy, Møre og Romsdal
Død
28. juni 1896, Bergen, Vestland

Artikkelstart

Olav Paulson var målmann, lensmann, dampskipsekspeditør og skulebokforfattar. I 1869 gav han ut den første lesebokalandsmål.

Bakgrunn

Olav Paulson var fødd i Herøy i Møre og Romsdal og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Døypenamnet var Ole. Paulson var sjølvlærd og fekk tidleg arbeid hos sorenskrivarenSunnmøre. I 1850 vart han lensmann i tidlegare Bjørnør kommune i Trøndelag, i 1855 lensmann i Jølster i Sunnfjord. Frå 1860 var han ekspeditør, bokhaldar og kasserar for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i Bergen, dei siste åra med tittelen kontorsjef.

Målsak

I Bergen kom han etter kvart med i krinsen av målmenn rundt Henrik Krohn og fornorska namnet sitt til Olav Paulson. I 1868 var han med og skipa Vestmannalaget og vart kasserar for laget. Han sat i styret i om lag 25 år.

I 1869 gav Paulson ut Lesebok i Landsmaalet, den første leseboka på landsmål. Boka hadde tekstar Paulson sjølv hadde omsett, og tekstar av mellom andre Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Krohn og Kristofer Janson. Nokre av tekstane skreiv Paulson sjølv. I 1872 og 1874 kom så to hefte med tittelen Gudelege Smaastykke til Helgar-Lesnad. I 1882 gav han ut Bibelsaga saman med Hans Mo, ei omsetjing av Volrath Vogts bibelhistorie. Paulson skreiv dikt og småstykke under pseudonymet «– p –» i Ferdamannen og i Fraa By og Bygd.

Andre verv og engasjement

Paulson var tredje vararepresentant til Stortinget i 1859–1860, og var i 1858–1860 medlem av heradsstyret i Jølster. Han sat i bystyret i Bergen i 1880–1890 og i styret for Bergens Arbeiderforening i 1867–1870 og 1872. Han hadde òg fleire verv i fråhaldsorganisasjonar og var aktiv i religiøse organisasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Peter Hallaråker: Olav Paulson (1822–1896) – målreisar og forfattar. Volda 1982
  • Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1953
  • Bjarne Rabben: «Olav Paulson. Bondegut, bymann og føregangsmann i norsk kulturliv». Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1991
  • Harald Jarl Runde: «Olav Paulson 1822–1996». Jølst 1996
  • Harald Jarl Runde: «Olav Paulson 1822–1996. Ein kulturberar». Tidsskrift for Herøy historielag 1996
  • O. Thorseth: «Olav Paulson», Folk og Fortid. Tidsskrift for Herøy historielag 1953

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg