Artikkelstart
Olav Norheim er norsk journalist, redaktør og forfattar. Han var redaktør i Norsk Barneblad i åtte år, og han har skrive fleire fagbøker for barn.
Olav Norheim er norsk journalist, redaktør og forfattar. Han var redaktør i Norsk Barneblad i åtte år, og han har skrive fleire fagbøker for barn.
Olav Norheim er fødd i Vestre Slidre i Valdres i Oppland (no Innlandet), der far hans var prest. Oppveksten i Valdres har sett sitt preg på mykje av det han har skrive, mellom anna kronikkar til avisa Valdres om aktuelle emne. Han er sjølv hytteeigar i Vestre Slidre og skriv ofte med ein humoristisk og stundom ironisk tone om hytteeigarar i møte med dei fastbuande. Norheim gjekk på Valdres gymnas på Fagernes og deretter på medielinja på Distriktshøgskulen i Volda (no Høgskulen i Volda).
Norheim har vore journalist i Nynorsk Pressekontor og i Oppland Arbeiderblad. Frå 1983 til 1991 var han redaktør i Norsk Barneblad, som er det eldste barnebladet i landet. Han moderniserte bladet både språkleg og i utsjånad. Norheim har heile tida hatt stor interesse for teikneseriar, og frå 1993 til 1995 var han prosjektleiar for Norsk Tegneseriesamling på Maihaugen. Samlinga vart starta i 1993 og har som mål å bevare norske teikneseriar og formidle teikneseriehistoria.
For barneboka Potetboka (1993) fekk han saman med Mikael Holmberg fagbokpremien frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet. For Bilde i berg (1997) fekk han Nynorsk barnelitteraturpris, også den saman med Mikael Holmberg. I 1998 gav han ut Alle tiders Ringerike, om Ringerike frå steinalderen til i dag. I 2008 kom Smørbukk 70 år, der Norheim var medredaktør og forfattar. I 2013 gav han ut Asbjørnsen og Moe på eventyr, ei bok for barn om arbeidet til Asbjørnsen og Moe, og i 2015 kom Susen av Garlistuten. Historia om den gjæve fela til Jørn Hilme. Den siste boka er ei bok for vaksne, men Norheim skriv på ein enkel og lettfatteleg måte uansett målgruppe. Også tekstar han skriv for vaksne, kan lett lesast av barn.
Norheim har også arbeidd i Kommunaldepartementet som språkrettar og omsetjar. Frå 2011 til 2018 arbeidde han ved Ringerike bibliotek som redaktør for «Historien her vi bor», ei nettside om lokalhistorie for barn.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.