Olav Hougen

Faktaboks

Olav Hougen
Født
2. oktober 1890, Trysil, Innlandet
Død
7. september 1943, Steinkjer, Trøndelag

Artikkelstart

Olav Hougen var lærar, avisredaktør, kulturpersonlegdom, politikar og bokhandlar i Steinkjer. Han skreiv ein minnetekst om bombinga av Steinkjer 21. april 1940, eit spelstykke for ungdomslag og lokalpatriotiske songar.

Bakgrunn

Olav Hougen var fødd i Trysil, og døydde i Steinkjer. Han var bror av læraren og forfattaren Ole Haugen-Flermoe og svoger av forfattaren Halvor Floden. Hougen gjekk på Elverum lærarskule og tok eksamen i 1913. Deretter var han lærar i folkeskulen i Gjøvik.

Redaktørarbeidet

I 1917 blei han tilsett som journalist i Venstre-avisa Porsgrunds Dagblad. Her var han til 1921, då han blei redaktør av dagbladet Norig i Skien. I 1926 drog han til Steinkjer for å bli redaktør i Venstre-avisa Inntrøndelagen.

Då byen blei bomba, brann avislokala ned, til liks med konkurrenten Nord-Trøndelag, som var ei avis for Landmandsforbundet. Redaktørane blei samde om eit samarbeid i ei tung tid, og avisene kom ut som Nord-Trøndelag og Inntrøndelagen i to år, til redaktørane blei avsette. Etter okkupasjonen heldt samarbeidet fram og blei varig, under namnet Trønder-Avisa frå 1952, med politiske standpunkt annankvar dag for Venstre og Bondepartiet (Senterpartiet). Hougen var ei kort tid fange i konsentrasjonsleiren Falstad ved Levanger.

Forfattarskapen

Den litterære produksjonen til Hougen er ikkje stor. I Foreningen gamle Steinkjer har han posthumt publisert Bombesøndagen i Steinkjer og krigen i Innherred i aprildagene 1940. Med tillegg om situasjonen i Steinkjer høsten 1940. Nokre år tidlegare skreiv han stykket Egtemenn. Skjemtspel med songar, som blei utgitt på Norli i 1926. Saman med organisten Ludvig Moe Weigner skreiv han «Steinkjersangen» og «Nord-Trøndelagssongen». Han fekk pris frå Det norske Skogselskap for songen «Du skog som klær et værhardt land, gir ly og levekår».

Anna engasjement og arbeid

Hougen var ein markant Venstre-politikar i Steinkjer og i Nord-Trøndelag, Han var medlem av bystyret i to periodar og ordførar i 1937 til 1939. Han var òg medlem av skulestyret og leiar der i fire år. Han var dessutan ei drivande kraft for folkebiblioteket i byen.

Hougen grunnla Steinkjer Bokhandel i 1939.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg