Faktaboks

Olav Gullvåg

Ole Gullvåg, også skrive Guldvog, Gullvaag

Fødd
31. desember 1885, Trondheim, Trøndelag
Død
25. september 1961, Asker, Viken
Verke
Forfattar og journalist
Familie

Foreldre: Blindelærar Erik Olsen Gullvåg (1853–1925) og Oline Jensine Christensen (1853–1915).

Gift 1914 med Maria Catharina («Katie») Zachariassen (26.8.1888–1967), dotter til skipsførar Constantinus Henrichus Zachariassen (1860–89) og Karoline Møller (1860–1920).

Grandonkel til Håkon Gullvåg (1959–).

Frå Spelet om Heilag Olav på Stiklestad. Biletet er tatt under forestillinga 27. juli 2012.
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Olav Gullvåg var journalist og forfattar. Gullvåg skreiv manus til det som skulle verte det første og mest suksessrike sogespelet i Noreg, Stiklestadspelet.

Olav Gullvåg var fødd i Trondheim. Han voks opp i Trondheim og Klæbu og gjekk på Søndre Trondhjems amtsskole i 1900–1902. Etter å ha arbeidd som kontorist i Trondheim i 1903–1910 gjekk han inn i journalistyrket, og dei følgjande åra redigerte han avisene Søndmøre Folkeblad (Ålesund) i 1911–1912, Norig (Skien) i 1912–1921 og Gula Tidend (Bergen) i 1921–1929. Politisk høyrde han til Venstre, og han var ein ivrig målmann. Han medverka til at Trondheim i 1930 bytte namn til Nidaros, eit namneskifte som berre vart ståande til 1931.

Det var helst diktar Gullvåg ville vere, og etter debuten i 1911 skreiv han bøker i ulike sjangrar i høgt tempo – poesi, dramatikk og prosa. Han skreiv i ein nasjonalhistorisk, lettlesen og fengjande stil. Fleire av romanane hans vart omsette til andre språk, og dei selde i store opplag.

Målmann, journalist og venstremann

Gullvåg voks opp i ein lærarheim, far hans arbeidde som handverkslærar ved ein blindeskule. Den første kontakten han fekk med målmiljøet, var då han gjekk på amtsskulen, der ein av lærarane heldt målkurs. Medan han arbeidde i Trondheim, tok han til å skrive for venstrebladet Nidaros, og seinare for målbladet Spegjelen, som Albert Joleik stod bak. Som redaktør i Norig og Gula Tidend fekk Gullvåg ein vid lesekrins – desse avisene var blant dei leiande nynorskblada. Han hadde ein kvass penn og skreiv alle slags artiklar, både nyhende, kommentarar, kritikkar, føljetongar og petitartiklar. I 1920–1926 var han formann i Unge Venstre.

I 1929 la Gullvåg journalistikken på hylla. Året etter vann han førsteprisen for kantata Heimferd til Olavsjubileet i Trondheim. Men nett då hadde Gullvåg gjort seg svært upopulær med engasjementet sitt for namnebytet frå Trondheim til Nidaros, og folk skreiv i avisene og kalla han ein «trøndersk forrædar». Kantata vart difor ikkje framført under jubileet i Trondheim, men ho vart likevel det litterære gjennombrotet for Gullvåg. Ho vart tonesett av komponisten Ludvig Irgens-Jensen, kom ut i stort opplag og vart nærmast musikalsk nasjonalmonument for ei tid. Denne suksessen gjorde Gullvåg i stand til å reise utanlands med familien i fleire år, og frå denne reisa skreiv han ei stor mengd reisebrev til avisene i Noreg. Han fekk også statsstipend eit par år.

Nasjonalhistorisk antimodernist og underhaldar

Kritisk innstilling

Gullvåg fann grunnar til å sjå mørkt på framtida, slik han skildrar henne i debutboka Kaptein Skugge. Fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Noreg i 1950 (utgitt under pseudonymet Johan Visionary i 1911). Han hadde ei kritisk innstilling til den moderne sivilisasjonen, kunsten og bylivet, noko som kjem tydeleg fram i romanen Antaios (1916). Hovudpersonen her er ein bygdegut som er komen til byen og har fått syfilis.

Bestseljande romanserie

I den bestseljande romanserien i ni band som vert innleidd med Det byrja ei jonsoknatt (1937), er dei nasjonalhistoriske miljøa og motiva tydelege. Serien følgjer ei vidgreint og mangfaldig slekt på 1700- og 1800-talet, der mange eventyrlege livslagnader trer fram. Tema er ofte bygdefolk og småkårsfolk i konfrontasjon med overmakt og embetsverk. Men det er først og fremst kjærleikslivet mellom menneska som står sentralt i bøkene, som har vorte omtala som underhaldningslitteratur. Gullvåg har fått kritikk for språket sitt. «Han arbeider fort og kan vera noko lettfengd» heiter det om han ein stad.

Olavsarven

Gullvåg var heilt frå ungdomen av oppteken av helgenkongen Olav Haraldsson, og etter Heimferd skreiv han i 1934 ein tekst til Arne Eggen sitt oratorium Kong Olav. I 1952 gav han ut Natterast på Sul, som i 1954 vart oppført første gongen på Stiklestad. Seinare har dette stykket vorte framført årleg som olsokspel på Stiklestad, frå 1970 under tittelen Spelet om Heilag Olav. Dette er det eldste og lengst spela sogespelet i Noreg.

Gullvåg skreiv også ei rekkje diktsamlingar og fleire skodespel, både komediar og historiske drama. Den lange natti (ikkje trykt) vart oppført både i Oslo (1924) og Bergen (1929).

Utgivingar i utval

  • Kaptein Skugge. Fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Noreg i 1950 (skodespel, utgitt under pseudonymet Johan Visionary i 1911)
  • Rabies politica eller Politisk galenskap. Skjemtespel i tri vendingar (skodespel, utgitt under pseudonymet Rabelais, 1914)
  • Den gule marquis. Ei soga fraa storkrigen 1915 (skodespel, utgitt under pseudonymet Kaare Gullveng, 1915)
  • Antaios (roman, 1916)
  • Kongstanken i maalreisingi. 4 artiklar (artikkelsamling, 1917)
  • Song i storm ( dikt, 1918)
  • Haaløygabrand. Sogespel i fem vendingar (skodespel, 1919)
  • Paa tvomannhand (dikt, 1924)
  • Dansketidi (debattbok, 1924)
  • Heimferd. Festkantate til olsok (kantate, 1930)
  • Det byrja ei jonsoknatt (roman, 1937)
  • Kongens nåde (roman, 1941)
  • Halvmåneblåsaren (roman,1941)
  • Sigerhuva (roman, 1945)
  • Drivtømmer (roman, 1947)
  • Ariadne (roman, 1949)
  • Brattøra (roman, 1951)
  • Natterast på Sul. Sogespel i tre vendingar (skodespel, 1952)
  • Her hender det ingenting (roman, 1953)
  • Levi Lenning og hans hus (roman, 1959)
  • Skrift i sand (dikt, 1960)
  • Menneske og helgen. Olav Haraldson (sakprosa, 1946)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aas, Lars: Trønderne i moderne norsk diktning, 1942, s. 189-201 (bibliografi: 248-49)
  • Hasle, Eivind: Olav Gullvåg : bladmann og bokmann, 2015
  • Kvistad, Yngve m.fl.: Stiklestadspelet, 2003
  • Øverås, Asbjørn: «Olav Gullvåg» i Syn og segn 48 (1942), s. 3-16, 76-92

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg