Olav Åsmundstad

Faktaboks

Olav Åsmundstad
Olav Tordsson Åsmundstad, Ole Åsmundstad, Ola Åsmundstad
Født
29. november 1850, Kvikne (no Tynset), Innlandet
Død
3. april 1925

Artikkelstart

Olav Åsmundstad var lærar, omsetjar og aktiv i målrørsla. Han var mellom dei tidlege målmennene i Gudbrandsdalen, og han var den første som omsette ei islandsk ættesoge til landsmål.

Olav Åsmundstad var fødd i Kvikne (no Tynset) i Østerdalen. Han var døypt Ole, vart kalla Ola, men valde sjølv å skrive seg Olav då han gjekk på folkehøgskulen til Christopher Bruun i Sel 1868–1870. Hausten 1870 reiste han til den kjende danske folkehøgskulen Askov for å setje seg inn i den grundtvigske friskulen, og han var der ut 1871. Han avtente verneplikta og tok til på underoffiserskule, men treivst ikkje og slutta.

Frå hausten 1873 tok Åsmundstad over friskulen i Gausdal og dreiv han fram til 1891, med to avbrot for å ta vidareutdanning. På friskulen underviste han mellom anna borna til Kristofer Janson og nokre av borna til Bjørnstjerne Bjørnson. Han var også med som lærar på folkehøgskulen til Bruun, som no hadde flytta til Gausdal.

Åra 1876–1879 gjekk Åsmundstad i snikkarlære i Fron, og i 1886–1887 var han på Askov igjen, der han mellom anna studerte gammalnorsk. Han vitja sløydlærarskulen Nääs ved Göteborg, der blandinga av handverk og åndsarbeid gjorde inntrykk på han.

Frå 1893 til 1899 var Åsmundstad sløydlærar i Grue. I 1899 starta Andreas Austlid folkehøgskule i Ørsta, og Åsmundstad vart lærar der i gymnastikk, sløyd og sogeforteljing. Då han slutta i 1912, slo han seg ned i Kvikne. Heimen hans, Borg, er no museum.

Åsmundstad var med i det første styret i Austmannalaget. Han var ivrig i ungdomslagsrørsla og ein etterspurd sogeforteljar ved ymse samkomer der og andre stader. I 1922 vart han æresmedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag. Både Catharinus Elling og Ole Mørk Sandvik brukte han som kjelde til folketonar, og han var ein sprek hallingdansar og skiløpar.

Den første islandske ættesoga som kom ut på landsmål, var Njaala i 1896–1897, omsett av Olav Åsmundstad. I 1924 gav han ut ei bok med tradisjonsstoff frå heimbygda, Ovanum Helgefell.

Elles skreiv han ein del i blad og tidsskrift, til dømes i Syn og Segn, og han hadde stykke i lesebøkene til Austlid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Per Åsmundstad: Olav Tordsson Åsmundstad og heimen Borg i Kvikne. Ringebu 2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg