Faktaboks

Olav H. Hauge
Olav Håkonson Hauge
Fødd
18. august 1908, Ulvik
Død
23. mai 1994, Ulvik
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bonde Håkon Hauge (1877–1954) og Katrina Hakestad (1873–1975).

Sambuar frå 1975 og gift 1978 med biletvevar Bodil Cappelen (26.4.1930–), dotter til sorenskrivar Johan Munthe Cappelen (1884–1962) og Edith Marie Heiberg (1902–50).

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge 1978.

Av /KF-arkiv ※.
Dropar i austavind

Olav H. Hauge. Dropar i austavind. Noregs Boklag. 1966.

Dropar i austavind
Mats Linder.

Olav H. Hauge var ein forfattar og fruktdyrkar, som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk frå engelsk, tysk og fransk.

Diktet «Det er den draumen» (frå diktsamlinga Dropar i austavind , 1966) vart i 2016 kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene av sjåarane og lyttarane til NRK-programserien «Dikt & forbannet løgn».

Bakgrunn

Olav H. Hauge var fødd i Ulvik i Hardanger. Han gjekk på mellomskule, men vart sjuk og tok ikkje full eksamen. Etter to år på Hjeltnes hagebruksskule var han gartnarlærling eit halvår på Noregs Landbrukshøgskule og tre sesongar på Statens forsøksstasjon for frukt, i Hermansverk i Sogn. Biletvevaren Bodil Cappelen flytte saman med han, og dei gifte seg 1978.

Hauge las mykje alt som barn og hadde store kunnskapar og innsyn i litteratur, språk og andre kulturfag. Han var ein del sjuk, men arbeidde i hagar i bygda og heime på kårbruket, der han flytte inn med foreldra og budde sidan. Det viktigaste for han var lesing og bøker. Frå 1946 til 1986 gav han ut sju diktsamlingar og ei barnebok, og i perioden 1967–1992 også omsette dikt. Posthumt kom Dagbok 1924–1994 (2000). Dikta har kome i stadig nye utgåver, Dikt i samling kom i 8. utgåve i 2008, og Dikt i umsetjing kom i 4. utgåve i 2009.

4. september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Senteret har ei basisutstilling om forfattaren og mennesket Olav H. Hauge, og ei utstilling om lyrikk i mange former.

Diktaren kjem

Då Hauge voks opp, var Ulvik på veg mot ei ny tid. Bergensbana var komen, og mange arbeidde på anlegg i Tyssedal og Odda. Han nytta tidleg folkeboksamlinga og fekk som 15-åring kontakt med morbroren Edmund, som var i USA, og som sende bøker til han – og prata om bøker etter at han kom heim att i 1926.

På mellomskulen lærte Hauge engelsk og tysk. Han lærte han seg òg fransk. At han lærte språk for å kunne arbeide med litteratur, styrkte ei vid orientering mot dikting frå alle område og tider og gav eit viktig grunnlag for at han kunne utvikle seg til den særmerkte lyrikkomsetjaren han vart.

Ved sida av norsk tradisjon er Hauge inspirert av engelsk romantikk i den første boka, Glør i oska. Diktet «Song til stormen» er i slekt med dikt av Percy Bysshe Shelley og Alfred Tennyson. Tradisjonelle former gav han aldri avkall på, men fekk snart òg trong til å uttrykkje seg modernistisk. Linjer frå diktet «Elvi burtanum fjorden» (frå Seint rodnar skog i djuvet, 1956) kan tene som døme: Elva dett nedetter fjellstupet – men viser òg ein menneskeleg lagnad: Ho «dett i marebunden draum – / fær ikkje ord fram, / ikkje ljod ...» Denne utviklinga kan vi sjå mange stader, til dømes i innleiingsdiktet til På Ørnetuva (1961), der «draumblå tindar speglar seg» i det første avsnittet, medan det andre avsnittet gir uttrykk for livskamp og strid: «fjellgrindar / imot dags / herjande / eld.»

Frå 1960-åra fekk Hauge eit aukande publikum frå alle lag av folket. Han var ein framifrå opplesar og nådde under utdanningseksplosjonen i 1970-åra ut til store kulturelt og politisk engasjerte ungdomsgrupper.

Natur og tradisjon

Naturfenomen er hos Hauge framstilte fagleg korrekt, samstundes som dei viser menneskelege portrett, situasjonar eller vilkår. Eit dikt som «Under bergfallet (1951) kombinerer skildringa av eit trugande naturfenomen med refleksjonar kring menneskeleg eksistens, konkret i naturen og under allmenne vilkår i eitt. Her har kjenslesterke krigsdikt òg sin plass, ikkje minst frå samlinga Spør vinden, som kom ut medan Vietnamkrigen stod på.

I slekt med tilhøvet hans til naturen var tilhøvet til folkedikting og annan folketradisjon og til norrøn og vestleg tradisjon – og også austleg tradisjon, både klassisk kinesisk lyrikk og japansk haiku, liksom òg austleg religion, først og fremst zen-buddhisme. Hauge viser ei sjølvsagd innleving i slike tradisjonar. Han taler liksom direkte med og om ein Akestes (i Aeneiden), klassiske kinesarar, figurar frå nordisk tradisjon som Ogmund frå Spånheim (Soga om Håkon Håkonsson), Leiv Eiriksson og fleire. Slike dikt er gjerne òg metatekstar, til dømes «Eg har tri dikt». Det fortel om Emily Dickinson, som skreiv mange dikt, men nesten ikkje publiserte noko: «ho sprette berre ein tepakke / og skreiv eit nytt.» Slik skal dikt vere, dei «skal lukta av te. / Eller av rå mold og nykløyvd ved.»

Hauge kan lesast både som romantikar og modernist. Språkleg følgde han den nynorske tradisjonen med i-mål, eldre rettskriving og avvising av importord frå dansk og tysk, medan han politisk var kritisk venstreorientert.

Skjemt og alvor

Si eiga utvikling har Hauge peikt humoristisk på i diktet «Eg song um ein trosapinn» (1971). Trosepinnar finst òg i det sterke portrettdiktet «Gartnaren drøymer» (1946, omarbeidd 1964). Scena er kyrkjegarden med ein stor hegg og andre plantar ved kyrkjeveggen, og «innunder gjeng det ein og rakar tros», men drøymer seg vekk frå «denne verdi». Diktet frå 1971 flirer av dette. Songen om trosepinnen, draumen, heggen og kyrkjeveggen er bytt ut med ei humoristisk rimrekkje: «no syng eg / um humla / som ein dag her / brumla / i heggen / til ho / vanvares / tumla / mot veggen ...» Slik humor finst mest i seinare bøker, også i ABC-boka (1986) som til kvar bokstav hadde vers av Hauge og bilete av Bodil Cappelen. Men så er alvoret også med til det siste, som i «Eg stoggar under den gamle eiki ein regnvêrsdag» (1980). Den gamle eika vert eit subjekt som det aldrande diktar-eget tenkjer fortruleg saman med.

Tankeverksemda til Olav H. Hauge viser seg elles i dagbøkene. Her er eit yrande tankeliv, med refleksjon over eigen eksistens og det daglege tilværet, og ikkje minst om litteratur og kunst og ovringar i kulturlivet i det heile.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Hadle Oftedal: Poetens andlet: om lyrikaren Olav H. Hauge, 2002, isbn 82-521-5959-1
  • Bjorvand, Einar & Knut Johansen, red.: Olav H. Hauge: ei bok til 60-årsdagen 18. august 1968, 1968
  • Bjørkum, Andreas: Målmeistaren frå Ulvik: ord og former hjå Olav H. Hauge, 1998, isbn 82-521-5263-5
  • Cappelen, Bodil og Ronny Spaans, red.: Tid å hausta inn : 31 forfattarar om Olav H. Hauge, 2008
  • Fosse, Jon: Olav H. Hauges poetikk, 1993, isbn 82-521-4163-3
  • Hanson, Katherine: Nature Imagery in Olav H. Hauge's Poetry, nettutgåve. Doktoravhandling. University of Washington 1978
  • Johansen, Knut, red.: Tankar om dikting: til Olav H. Hauge, 1978, isbn 82-7210-018-5
  • Kittang, Atle: «Olav H. Hauge og dagbøkene hans», i Olav H. Hauge: Dagbok 1924–1994, bd. 1. Oslo 2000
  • Karlsen, Ole: Fansmakt og bergsval dom: en studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi, 2000, isbn 82-7477-047-1
  • NBL 2. utg.
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995, isbn 82-02-15476-6
  • Stegane, Idar: Olav H. Hauges dikting: frå "Glør i oska" til "Dropar i austavind", 1974, isbn 82-522-0028-1
  • Tønnessen, Terje, red.: Tunn is: om Olav H. Hauges forfattarskap, 1994, isbn 82-02-14273-3
  • Syn og segn, årg. 106, nr. 4, 2000 (tema: Olav H. Hauge)
  • Staffan Söderblom: Och jag var länge död. Läsningar av det ambivalenta: Olav H. Hauge. Gøteborg 2006
  • Vikøy, Aasne (red.): Mellomrom, bd. 2: Cathrine Strøm og Aasne Vikøy (red.): Omsetjaren Olav H. Hauge. Bergen 2009
  • Vold, Jan Erik: Under Hauges ord: essays, samtaler, brev, dikt, fotos, 2. utg., 1996, isbn 82-521-4723-2
  • Åmås, Knut Olav: Mitt liv var draum: ein biografi om Olav H. Hauge, 2004, isbn 82-525-4579-3

Faktaboks

Olav H. Hauge
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036678001008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg