Olaus Islandsmoen

Faktaboks

Olaus Islandsmoen
Født
22. februar 1873, Bagn i Sør-Aurdal
Død
28. oktober 1949, Brandbu, Hadeland

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Olaus Islandsmoen
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Olaus Islandsmoen var ein norsk folkehøgskuleleiar, museumsstiftar og politikar. Han var styrar ved Vestoppland folkehøgskule frå 1906 til 1939, og formann i Noregs Mållag frå 1917 til 1921. Han arbeidde for bygdemuseum og bevaring av bygdekulturen, og var med å stifte Norske Museers Landsforbund i 1918, der han sat i styret til 1945. Han gav ut Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres i 1914.

Frå 1916 til 1918 var Islandsmoen stortingsrepresentant for Radikale Folkeparti. Han var leiar av den departementale nemnda for vidareutdanning av landsungdom og leiar i nemnda for utgreiing om spørsmålet om obligatorisk husstellopplæring for jenter. Islandsmoen var også drivkrafta for skipinga av StatsarkivetHamar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg