Olanda er eit kvinnenamn som er kjent frå 1863. Det er avleidd (med suffikset -anda) av mannsnamn som Ola og Ole. Dette suffikset finst også i Jonanda avleidd av mannsnamnet Jon. I enkelte tilfelle kan Olanda også vere avleidd av mannsnamna Olander og Oleander.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Olanda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Olanda i perioden 1900–2017, var det 78 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Olanda. Dette inneber at 22 prosent hadde Olanda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg