Olai Skulerud

Faktaboks

Olai Skulerud
Født
12. august 1881, Porsgrunn, Telemark
Død
10. september 1963, Oslo

Artikkelstart

Olai Skulerud var dialektforskar. Studien av Tinnmålet frå 1922 og 1938 er det største verket som er skrive om ein dialekt i Noreg.

Bakgrunn

Olai Skulerud var fødd i Porsgrunn i Telemark (no Vestfold og Telemark) og døydde i Oslo. Han tok examen artium i Skien i 1899, vart cand.philol. i 1906 og tok i 1918 doktorgraden på ei avhandling om telemålet, med særleg vekt på målet i Tinn.

Dialektforsking

Frå 1907 var han lærar ved ymse skular i Kristiania. I 1911 vart han universitetsstipendiat, og i perioden 1918–1933 hadde han statsstipend i austlandsk dialektforsking. I stipendtida heldt han òg førelesingar ved Universitetet i Oslo.

Frå 1927 var Skulerud lektor ved den høgre allmennskulen i Skien, men hadde permisjon frå 1935 for å arbeide med dialektstudium. I 1939–1943 var han førstearkivar ved Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo, og i 1944–1951 etterfølgde han Gustav Indrebø som professor i vestnorsk målføregransking ved folkeminnesamlinga ved Bergens Museum.

Skulerud reiste mykje for å skrive ned dialektar etter Johan Storms kortare ordliste for dialektgransking. Han bygde opp eit nettverk av heimelsfolk som han sende spørjeskjema til, og ved Bergens Museum fekk han i 1948–1949 spela inn dei første grammofonplatene med målføreprøver. Hovudarbeidet hans er den store studien av Tinnmålet frå 1922 og 1938, det største verket som er skrive om ein dialekt i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland: «Lærarane mine i norskstudiet», Eigenproduksjon, bd. 50. Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, 1993
  • Helge Sandøy: «Olai Skulerud – vitskapsmannen», i Jarle Bondevik (red.): Frå smått til stort. Nordistikk i Bergen gjennom 70 år. Bergen 1988

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg