Faktaboks

Olaf Skjeggestad
Fødd
26. juni 1929, Evje

Olaf Skjeggestad er ein norsk fysikar. Han er kjend for ei rekke arbeid innanfor eksperimentell elementærpartikkelfysikk. Han har også vore engasjert i arbeidet med oljeutvinning i Nordsjøen.

Skjeggestad vart dr.philos. i 1959 og var amanuensis ved Universitetet i Oslo frå 1961 til 1972. Han var professor i elementærpartikkelfysikk ved Universitetet i Bergen frå 1972 til 1981. Skjeggestad har vore tilknytt University of Chicago og Brookhaven National Laboratory i USA og CERN i Sveits som forskar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg