Olaf Norli

Faktaboks

Olaf Norli

Olaf Olsen

Født
18. august 1861, Oslo
Død
21. januar 1959, Oslo

Maleri frå 1936. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Olaf Norli
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Olaf Norli var ein norsk bokhandlar og forleggjar. Som forleggjar gav han særleg ut debutantar og nynorskforfattarar.

Bakgrunn

Olaf Norli var fødd på Sjursøya i Aker (no Oslo). Han voks opp i Nordlia på Sjursøya og skifta i 1890 etternamn frå Olsen til Norli. Norli tok mellomskuleeksamen i 1877, gjekk i bokhandlarlære i Kristiania og reiste til Tyskland og Sveits for å lære meir.

I desember 1883 opna han saman med Olaf Huseby bokhandel på Karl Johan under namnet Olaf Huseby & Olaf Olsen. Norli gjekk ut av firmaet alt i 1885, arbeidde dei neste åra i bokhandel i Paris og hos Jacob Dybwad i Kristiania, og tok i mai 1890 over bokhandelen til Huseby under namnet Olaf Norli.

Bokhandlaren

Då Norli overtok bokhandelen til Huseby i 1890, låg lokala i Storgata 17. Etter eit halvt år flytta han til Universitetsgata 24 og vart verande der. Ved sida av vanlege bøker og kontormateriell selde han mykje skulebøker, både nye og brukte. Skuleungdom kom til han for å kjøpe eller selje, og han hadde eit omfattande kontaktnett blant lærarar og skulestyre i mange bygder. Han la òg vekt på å tilby barnebøker, og som granne til Universitetet i Oslo vart han snart ein slags universitetsbokhandel.

Mange var innom bokhandelen i Universitetsgata, professorar og andre vitskapsfolk, studentar og forfattarar, politikarar og forretningsmenn. Akademiske nyhende vart spreidde og aktuelle spørsmål drøfta når folk møttest der.

Norli dreiv i tillegg antikvariat. Den første katalogen kom i 1892, var på 66 sider og omfatta 2349 nummer. Han var ein av dei som tidleg forstod at gamle bøker på landsmål kunne verte verdifulle, då opplaga ofte var små. Gamle utgåver av norrøne skrifter hadde han òg mykje av. I 1931 kom den første utgåva av Bokvennen, med artiklar og meldingar for boksamlarar og katalog frå Norlis Antikvariat. Han hadde sjølv ei stor personleg boksamling.

Forleggjaren

Bokhandelen gav Norli økonomisk grunnlag til også å vere forleggjar. Alt i 1890 kom Henry Drummons Det største i verden som den første boka frå forleggjaren Olaf Norli. Boka var omsett av eldste bror hans, presten Kristian Olsen Nordlid. Snart følgde billige utgåver av andre utanlandske forfattarar, slik som Bertha von Suttner, Fjodor Dostojevskij og fleire.

Den første norske forfattaren var Arne Dybfest, med boka Blandt Anarkister, som òg kom i 1890. Fram mot hundreårsskiftet gav mellom andre Peter Egge, Nils Collett Vogt, Tryggve Andersen, Johan Bojer og Hjalmar Christensen ut bøker hos Norli. På denne tida kom det 12–15 bøker årleg frå forlaget når stort og smått er medrekna. Nicolai Olsen, ein annan bror av Norli, hadde trykkjeri i Kristiania og prenta bøker, blad og brosjyrar for Norli.

Etter kvart vart Norli òg kjend som utgivar av bøker på nynorsk. I 1894 kom Per Sivle si diktsamling Noreg, som hadde dikt både på dansk-norsk og landsmål. Andre følgde etter: Vetle Vislie, Jens Tvedt, Hans Seland, Ivar Mortensson-Egnund og Anders Hovden. Etter hundreårsskiftet kom Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Tore Ørjasæter, Olav Duun, Olav Hoprekstad, Oskar Braaten, Halvor Floden, Olav Gullvåg, Ragnvald Skrede, Tarjei Vesaas med fleire til. Somme var berre innom forlaget, som debutanten Vesaas, andre vart verande der heile livet, til dømes og Ørjasæter.

Norli var ei tid den sentrale forleggjaren for forfattarar som skreiv nynorsk. Frå før var det i tillegg til Det Norske Samlaget særleg to forleggjarar som gjerne tok imot manuskript på landsmål: Mons Litleré, som døydde i 1895, og Bertrand Jensen, som gav ut landsmålsbøker i tida 1893–1901. Av dei nærmare 1000 titlane som Norli gav ut i si levetid, er det hevda at over 500 av desse bøkene var på nynorsk.

Norli gav òg ut skulebøker, faglitteratur på nynorsk og folkeminne, mellom anna Johannes Skars Gamalt or Sætesdal. I 20 år gav han ut det illustrerte nynorske bladet For Bygd og By. Frå 1915 til 1923 var han hovudkommisjonær for Det Norske Samlaget.

1. januar 1948 overlèt Norli bokhandelen til Bjarne Welle og forlaget til Knut Stalsberg. Dei hadde vore dei nærmaste medarbeidarane hans.

Andre verv og engasjement

Norli sat i styret for Den norske Bokhandlerforening i 1900–1927, dei tre siste åra som formann, og i styret for Den norske Forleggerforening i 1896–1899. Han var formann i Norske bokhandleres understøttelsesfond i 1911–1927. I 1931 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
  • Olav Midttun: Menn og bøker. Oslo 1963
  • Olaf Norli. Et festskrift 1883–10. desember 1933. Oslo 1933
  • Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Oslo 1987
  • Harald L. Tveterås: Olaf Norlis forlag 1890–1990. Oslo 1990
  • Harald L. Tveterås: Den norske bokhandels historie, bd. 3. Oslo1986
  • Harald L. Tveterås og Egil Tveterås: Den norske bokhandels historie, bd. 4. Oslo 1996
  • Hans Christian Welle: Norli. Bokhandelen og menneskene 1890–1990. Oslo 1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg