Faktaboks

Olaf Bryn Kullmann
Fødd
2. juli 1892, Stord, Vestland
Død
9. juli 1942, Sachsenhausen konsentrasjonsleir, Tyskland
Verke
Marineoffiser og fredsaktivist
Familie

Foreldre: Sogneprest og skoledirektør Jakob Kullmann (oppr. Olsen) (1852–1910) og Ingeleiv Kristine Mæland (1864–1951).

Ugift.

Grandonkel til Kaci Kullmann Five (1951–).

Olaf Kullmann.
Av /Oslo Museum/Digitalt museum.

Olaf Bryn Kullmann var ein norsk jurist, marineoffiser og pasifist. Han agiterte mot krig, vart frådømd stillinga som marineoffiser og skipa organisasjonen Folkereisning mot krig.

Bakgrunn

Olaf Bryn Kullmann var fødd på Stord i noverande Vestland og døydde i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland. Han vart sjøoffiser i 1914, tok eksamen med beste karakter ved Sjøkrigsskulen i 1916 og vart premierløytnant. I 1923 vart han cand.jur., arbeidde som overrettssakførar i Bergen frå 1925 og opna i 1929 sakførarkontor i Oslo. Samtidig vart han utnemnd til marinekaptein og gjorde frå 1930 på ny teneste som marineoffiser.

Fredsarbeid

Kullmann vart sterkt gripen av tankane bak Kelloggpakta frå 1928, som galdt fredeleg løysing av konfliktar mellom statane. Då han i august 1932 deltok på ein antikrigskongress i Amsterdam, stilte han seg bak eit opprop til offiserar i alle land om i handling å gjere opprør mot krig. Forsvarsminister Vidkun Quisling suspenderte han deretter frå stillinga som marinekaptein og sjef for torpedobatteriet på Oscarsborg festning. Arbeidarpartiet engasjerte seg sterkt til forsvar for Kullmann, som vart frådømd stillinga si i desember 1933.

Men Kullmann heldt fram arbeidet mot krig. Han kritiserte kapitalismen, som han såg som ei årsak til krigar, protesterte i 1935 på Petersplassen i Roma mot Italias åtak på Etiopia, vart arrestert og utvist. I byrjinga av 1930-åra var han medlem av Arbeidarpartiet, seinare stifta han sitt eige parti, Fredspartiet, som stilte liste i Oslo ved stortingsvalet i 1936, men fekk få røyster.

I 1937 skipa Kullmann saman med Lilly Heber og andre den norske avdelinga av War Resisters' International, først med namnet Aldri Mer Krig, frå 1939 Folkereisning mot krig. I femti år var det den viktigaste norske organisasjonen for pasifistar og ikkjevaldstilhengjarar. Han var sjølv den første formannen i organisasjonen.

okkupasjonen kom i 1940, sykla Kullmann rundt og dreiv pasifistisk agitasjon. 23. juni 1941 vart han arrestert. Langfredag 1942 vart han send til Sachsenhausen saman med mellom andre Einar Gerhardsen og Arnulf Øverland. Der døydde han tre månader seinare. I diktsamlinga Sverdet bak døren gav Øverland ut eit minnedikt om Kullmann.

Utgjevingar i utval

  • Olaf Kullmann: Du skal ikke slå ihjel! U.å. [1937]
  • Olaf Kullmann: Europe, Awake! London 1936
  • Olaf Kullmann: Hjelp din bror, etiopieren! Oslo 1938
  • Olaf Kullmann: Lovsangen. Oslo 1940
  • Olaf Kullmann: Norden, hvilken vei? Krig eller fred? Oslo 1933
  • Olaf Kullmann: «Sier du ja eller nei til krigsforberedelser og krig?» I Einar Edwin mfl.: Folkereisning mot krig. Blommenholm 1939

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nils Ivar Agøy: Militæretaten og «den indre fiende» fra 1905 til 1940. Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo 1997
  • Christine Amadou: «Krigsmotstand i mørke tider». Ikkevold, 1/1987
  • Hans Fredrik Dahl: En fører blir til. Oslo 1991
  • Sigbjørn Width Norbak: «Forsvarsminister Quisling og passifisten kaptein Kullmann». Norsk Militært Tidsskrift, 10/1998
  • Kristian Ottosen: Liv og død. Historien om Sachsenhausen-fangene. Oslo 1990
  • Arnulf Øverland: Sverdet bak døren. Oslo 1956

Faktaboks

Olaf Bryn Kullmann
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708007770

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg