Olaf Almenningen

Faktaboks

Olaf Almenningen
Født
29. januar 1947, Voss, Vestland
Olaf Almenningen
Av .

Artikkelstart

Olaf Almenningen er ordboksredaktør og målmann. Han har skrive eller redigert fleire bøker om norskdomsrørsla.

Olaf Almenningen er fødd på Voss. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1966 og vart i 1982 cand.philol. med faga norsk, engelsk, historie og samfunnskunnskap. Hovudoppgåva hans, Målstrev og målvokster, handlar om framveksten av målrørsla i tida 1905 til 1913 og vart utgitt av Det Norske Samlaget i 1984.

I studietida var han aktiv i Studentmållaget i Bergen, der han var redaktør for medlemsbladet «Vestlandsfa’n» i 1969–1970. Han var nestleiar i Norsk Målungdom i 1972–1973 og var skrivar i Noregs Mållag frå 1976 til 1987. Frå 1987 til 2016 var han redaktør i Norsk Ordbok 2014.

Almenningen er ein stor kjennar av målreisingssoga og har gjort seg nytte av denne kunnskapen i fleire bøker, mellom anna den viktige Striden for nynorsk bruksmål, som han gav ut saman med Åsmund Lien i 1978. I tida som skrivar i Noregs Mållag var han uvanleg profilert som offentleg debattant. Han var òg tidleg med på å samle inn store mengder data om skulemålsrøystingar.

Han har skrive eller redigert jubileumsbøker om Noregs Mållag, Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og Studentmållaget i Oslo, og han har skrive lærebøker i nynorsk.

Almenningen var leiar for Idrottslaget til BUL i Oslo i 1997–1999. Han var i fleire år med i styret for Riksfondet for nynorsk presse (no Stiftinga Vener av Dag og Tid). I 2018 vart han heidersmedlem i Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg