Ola Mjanger

Faktaboks

Ola Mjanger
Født
3. mars 1889, Masfjorden, Vestland
Død
5. august 1969

Artikkelstart

Ola Mjanger var ein norsk lærar og forfattar som skreiv nynorske spenningsbøker i guteboktradisjonen, ofte med handling frå Vestfold.

Han tok utdanninga si på Stord lærarskule i 1910, og arbeidde som lærar i Larvik frå 1919 til han gjekk av med pensjon i 1954. Han var formann i Larvik og Brunla norskdomslag og skreiv lagssoga då laget runda 25 år i 1942.

Mellom 1931 og 1948 gav han ut ti barnebøker på Norli, Fonna og Norsk Barneblads forlag. Handlinga i bøkene la han ofte til Larviks eller Vestfolds historie. I den siste boka, Nybyggjarane på Galapagos (1936, 1948), skriven under dekknamnet Ølve Mjålid, fortel han om internasjonal kvalfangst. Gjennom undertittelen «Fortald etter folk som var med på ferda» fekk boka eit vestfoldhistorisk og dokumentarisk preg. Andre opplaget, 1948, kom ut i eige namn.

Under krigen signerte han ei bok med tittelen Den unge hermannen. Ei soge frå Gyldenløve-krigane i 1670-åra (1944) med emne frå Larviks historie. Boka kan lesast som eit tildekt innlegg i motstandskampen. Bøkene til Mjanger er tradisjonelle og skrivne i den realistiske guteboktradisjonen, med vekt på spenning.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Glette, K. (2009): Vestfolds litteraturhistorie 1000–2000. Sakprosa og skjønnlitteratur. Oslo: Novus
  • Steinsland, Ingrid. (1997): «Barnebokforfattar frå Masfjorden : Ola Mjanger». Fjon frå fjell til fjord : gamalt og nytt frå Masfjorden 1997
  • Norske skolefolk. 1934

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg