Ola Mestad

Faktaboks

Ola Mestad
Født
8. desember 1955, Oslo
Ola Mestad.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Ola Mestad er jurist og målmann. I 1990-åra var han gjennom fleire år styreleiar både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget.

Bakgrunn

Ola Mestad er fødd i Oslo. Han tok examen artium på Berg gymnas i Oslo i 1974, på reformgymnas. Han var ferdig utdanna jurist i Oslo i 1984. Året etter leverte han ei lisensiatavhandling med tittelen «Om Statoil og statleg styring og kontroll». Doktoravhandlinga frå 1992 heiter «Om force majeure og risikofordeling i kontrakt» og er ein teoretisk og prinsipiell studie av funksjonen av såkalla force majeure-reguleringar i ulike typar kontraktsforhold.

Rettsvitskap

Mestad har arbeidd som professor dr. juris i rettsvitskap ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett ved Universitetet i Oslo og advokat i BA-HR. Her har han særleg arbeidd med petroleumssektoren. No arbeider han hovudsakleg med internasjonal handels- og investeringsrett, i tillegg til petroleumsrett, kontraktsrett og EU-rett. Mestad har i tillegg arbeidd med korrupsjonsproblemstillingar. Han har òg vore nestleiar i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland og leiar for Etikkutvalet for Statens pensjonsfond utland.

Språk og litteratur

Mestad har hatt ei rekkje akademiske og offentlege verv og har publisert fleire bøker og artiklar. Ola Mestad gjekk inn som styremedlem både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget i 1985 og var medlem i begge styra til 1999. I denne tida var han styreformann i Litteraturselskapet frå 1994 til 1999, medan han var formann i Stiftinga frå 1991 til 1999. Delar av denne perioden var han oppnemnd av Kulturdepartementet. Mestad sat elles som medlem av styret i Fonna Forlag i 1980-åra og leiar av Juristmållaget i 1980–1983. Han har vore medlem av redaksjonsrådet i Syn og Segn sidan 2006 og har vore styreformann i Dag og Tid frå 2005. Frå 2003 har han vore styremedlem i Aschehoug forlag. Mestad har òg vore med i redaksjonsrådet i Samtiden i perioden 2001–2006 og sat i styret for markeringa av Ibsen-året 2006.

Interessa for historie har gitt seg utslag i større verk som Rett, nasjon, union. Den svensk-norske unionens rettslige historie 1814–1905 (saman med Dag Michalsen, 2005) og Anton Martin Schweigaard. Professorpolitikeren (2009). I tillegg har Mestad skrive om ulike emne som næringsfridom i 1814-grunnlova (2008) og om bygginga av Kulleseidkanalen på Bømlo (2009).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg