Ola Håstadbø

Faktaboks

Ola Håstadbø

Ola Håstabø

Født
1826, Kvanndal i Hardanger
Død
1899

Artikkelstart

Ola Håstadbø var hardingfelespelar, slåttediktar og skreddar frå Hardanger.

Bakgrunn

Ola Håstadbø var fødd på husmannsplassen Løfloten, som høyrde under garden Håstabø, like ved Kvanndal i Hardanger. Han gifta seg i 1881 med Guro Nilsdotter og flytta same året til Brakahaugen på Hamre lenger inne i Granvinsfjorden. Her budde han fram til han døydde i 1899. Han var skreddar av yrke, noko som var vanleg blant spelemenn i Hardanger på hans tid.

Folkemusikken

Den viktigaste læremeisteren hans var vossaspelemannen Nils Rekve, og før Rekve døydde, hadde Håstadbø som 20-åring tileigna seg eit stort slåttetilfang, som få andre lærte på denne tida. Seinare blei han påverka av felespel frå Telemark. Han skal ha vore ein framifrå spelemann alt i tenåra og blei snart ein etterspurd musikar til bryllaup.

Det finst i dag om lag 30 slåttar som kan førast tilbake til Håstadbø. Nokre av dei komponerte han sjølv, til dømes «Guro-slåtten» («Spelar-Guro»), som han tileigna kona si. Ein sentral vidareformidlar av dette stoffet har vore brorson hans, Sjur Håstadbø («Nolten»), som igjen blei ei viktig kjelde for Halldor Meland. Håstadbø skal ha spela på heile 14 ulike felestille, og sju av desse er dokumenterte på plata Håstabøslåttar (1999) av Knut Hamre, Frank Rolland og Åse Teigland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland (red.): Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg, bd. 2. Oslo 1996
  • Jon Bleie: Halldor Meland. Eit liv i tonar. Ein bolk av soga om folkemusikken i Hardanger. Oslo 1976

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg