Ola Breivega

Faktaboks

Ola Breivega

Ola Ireneus Breivega

Ola Bredeveien

Født
22. februar 1940, Sør-Fron, Innlandet
Ola Breivega
Av /Efrem forlag.

Artikkelstart

Ola Breivega er ein norsk filolog og målmann. Han har engasjert seg sterkt i språkpolitikk og normeringsordskifte.

Breivega blei fødd i Sør-Fron. Han har utdanning som cand.philol. med hovudfag i fransk. Han var formann i Kringkastingsringen 1968–1971, nestleiar i Noregs Mållag 1973–1974 og leiar 1975–1977. I den politiserte språkstriden i 1970-åra var Breivega blant dei i organisasjonen som gjekk inn for «eittspråkslina». Det vil seie at dei såg nynorsk som det samlande skriftlege uttrykket for heile det norske folkemålet, mens motstandarane ville arbeide for nynorsk som ei av to målformer. Breivega har elles markert seg som ein sterk tilhengjar av bruk av nynorsk normaltalemål.

Breivega har vore lærar og undervist i språk både i den vidaregåande skulen, i folkehøgskulen og på universitetet. Sidan 1986 har han drive språkkonsulentfirmaet Samråd som arrangerer kurs og opplæringstiltak i nynorsk språk. Han var tilsett som seniorrådgivar i Språkrådet i 2005–2007, og medlem i styret der 2006–2007.

Han har også skrive fleire rettleiingsbøker for språkbrukarar, mellom andre Handbok i referat- og notatskriving: bokmål og nynorsk (1991) og Råd for uråd: vegvisar gjennom nynorske minefelt (1993). Breivega har framheva at nynorsk er eit syntaktisk enklare språk enn bokmål, men har samstundes peika på bokmålet sitt raffinement.

Breivega har også interessert seg for teologi og har orientert seg religiøst mot kristendommen, både den gresk-ortodokse og den romersk-katolske. Han har omsett fleire tekstar frå fransk og gresk, inkludert den gresk-ortodokse liturgien.

I 2013 var Breivega ein av omsetjarane då Den katolske kyrkja lanserte den fyrste utgåva av messeboka Missale parvum på nynorsk.

I 2017 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Lutheri! Magister Kristofers memoarar.

I vaksen alder skifta han etternamn frå Bredeveien til Breivega.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen m.fl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Kjell Venås: Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra. Oslo 1991. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg