Faktaboks

Ola Elvestuen
Fødd
9. oktober 1967, Vestre Toten, Innlandet
Ola Elvestuen
Ola Elvestuen
Av /Klima- og miljødepartementet.

Ola Elvestuen er ein norsk politikar for Venstre som var klima- og miljøminister frå 2018 til 2020 og er stortingsrepresentant for Venstre frå Oslo sidan 2013. Han var nestleiar i partiet frå 2008 til 2020.

Bakgrunn

Ola Elvestuen er fødd i Vestre Toten kommune i Oppland (no Innlandet fylke). Frå 1989 til 1994 studerte Elvestuen ved Universitetet i Oslo. Han tok sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap og historie, og byrja på hovudfag i historie. Elvestuen har arbeidd som organisasjonsrådgivar i Venstre, og på ulike barar og kafear i Oslo.

Politisk karriere

Elvestuen har bakgrunn frå bypolitikken i Oslo, og 1995–2003 var han bydelspolitikar på St. Hanshaugen. Frå 2003 til 2015 var han medlem av Oslo bystyre, og i perioden 2007–2011 leia han byutviklingskomiteen i Oslo. I 2011 gjorde Venstre eit godt val i Oslo, noko som førte Venstre inn i byråd, og Elvestuen var byråd for miljø og samferdsel 2011–2013. Han var leiar av Oslo Venstre frå 2000 til 2008 og nestleiar i Venstre frå 2008 til 2020.

Elvestuen var vararepresentant til Stortinget 2001–2013. Venstre vann eit nytt mandat frå Oslo ved stortingsvalet i 2013 då mandattalet vart utvida, noko som sikra Elvestuen plass på Stortinget. Sidan 2013 har han vore stortingsrepresentant for Venstre frå Oslo og har sidan same år vore medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Elvestuen har òg vore leiar av komiteen, samt parlamentarisk nestleiar for Venstre i 2013–2018. I 2018 gjekk inn som statsråd i regjeringa Solberg som klima- og miljøminister. Han vart skifta ut som statsråd ved regjeringsomdanninga i 2020 og kom tilbake til Stortinget.

Elvestuen har naturvern og klima som politiske hovudsaker. Han har vore særleg synleg som pådrivar for skogvern, fleire nasjonalparkar i Noreg, å ta vare på rovdyra som er att i norsk natur og klimavennleg samferdsle. Etter at han som byråd gav økonomisk støtte til kartlegging av natur i Maridalen i Oslo, fekk han vepsen aphelinus elvestueni kalla opp etter seg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg