Oddveig er eit nylaga kvinnenamn (1886). Odd- kan vere tatt frå til dømes Oddbjørg, og -veig frå til dømes Solveig.

Namnet har fleire variantar: Oddvei, Oddveig, Odveig.

Namnedag er 7. april. Oddvin har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var elev Ingebjørg Odveig Klonteig fødd 1886 i Elverum (Hedmark), busett i Vang i 1900.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 062 kvinner i Noreg som hadde Oddveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det er elles eit fellestrekk ved dei mest brukte namna med forleddet Odd- at dei var på topp i 1930-åra: Oddbjørg, Oddlaug, Oddny, Oddrun og Oddveig.

Utvikling i bruk av namnet Oddveig frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Oddveig frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg