Oddvar Torsheim er ein norsk biletkunstnar, grafikar, lyrikar og musikar. Han er ein humørfylt multikunstnar og samfunnskritikar som målar si eiga samtid i surrealistiske bilete, ofte med tekstar på nynorsk som del av bileta. Torsheim har gitt ut både plater og diktsamlingar. I 1963 debuterte Torsheim på Haustutstillinga i Oslo.
Sidan 1970 har Torsheim budd i Førde, der han er lett å kjenne att i gatebilete med dei svarte kleda og med bumerket sitt: eit raudt halstørkle. Her møtte Torsheim lite forståing hos sambygdingane. Den første utstillinga hans i Førde skapte rabalder. Lokalavisa Firda skulda han for å vere pornografisk og blasfemisk, og fleire stilte krav om at utstillinga skulle takast ned. I dag er sunnfjordingane kjernepublikumet til «Torsheimen».
I 2007 fekk Torsheim både Målprisen frå Noregs Mållag og Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. Då han fylte 70, vart han utnemnt til æresborgar i Førde.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.