Oddvald

Artikkelstart

Oddvald, som er eit nylaga mannsnamn (1884), er samansett av Odd- frå til dømes Oddbjørn og -vald frå til dømes Torvald.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var børsemakarlærling Leif Oddvald Larsen Stormoen fødd 1884 i Sør-Odal (Hedmark), busett i Kristiania i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Oddvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg