Oddleiv er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Odd-leifr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’.

Namnet har vore brukt på Island i mellomalderen, men det er usikkert om det då var brukt i Noreg.

Namnet har fleire variantar: Oddleif, Oddleiv, Odleif.

Personar med namnet Oddleiv

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var lege og sanitetspremierløytnant Oddleiv Magne Hølaas fødd 1869 i Aker (Akershus), busett i Kristiansand i 1900.

Kjende personar med namnet Oddleiv

Eksempel på ein person med namnet Oddleiv som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 210 menn (fødde i Noreg) som hadde Oddleiv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg