Oddbjørn Leirvik

Faktaboks

Oddbjørn Leirvik

Oddbjørn Birger Leirvik

Født
18. august 1951, Ålesund, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Oddbjørn Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.

Han tok embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1978. Deretter var han generalsekretær i Norges Kristelige Studentforbund frå 1979, prest i Paulus kyrkje i Oslo frå 1984 og leiar av Dialogsenteret Emmaus frå 1993. Han har vore knytt til Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo frå 1996, og i 2005 vart han fast tilsett som professor der. I perioden 2015–2018 var Leirvik studiedekan ved Teologisk Fakultet.

Leirvik har engasjert seg mykje i praktisk dialogarbeid og i forsking særleg på relasjonar mellom islam og kristendom. I tilknyting til dette engasjementet har han også arbeidd meir generelt med fleirkulturell etikk og religionane sin plass i samfunnet.

Frå tidleg på 1990-talet var Leirvik med og bygde opp fleire fora for religionsdialog i Noreg. Han har vore styremedlem i Oslo-koalisjonen for trus- og livssynsfridom (2000–2008), medlem i Teologisk nemnd under Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja (2008–2015) og medredaktør for tidsskriftet Kirke og Kultur (2008–2017).

Leirvik fekk Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn sin Dialogpris i 2014 for arbeidet sitt med religionsdialog.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg