Faktaboks

Odd Nordstoga
Fødd
10. desember 1972, Vinje, Telemark
Odd Nordstoga
Odd Nordstoga
Odd Nordstoga
Av /SCANPIX.
Odd Nordstoga frå Vinje er ein viktig fornyar innan folkemusikken.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Odd Nordstoga er ein norsk musikar, visesongar, komponist, kvedar og forfattar. Han hadde sitt kommersielle gjennombrot med albumet Luring, der han kombinerar tradisjonell norsk folkemusikk og pop. Han har gjeve ut fleire populære album, og vunne Spellemannprisen fleire gonger.

Bakgrunn

Odd Nordstoga vaks opp i Vinje i Telemark. Han er utdanna ved Bergen lærarhøgskule (no Høgskulen på Vestlandet). I 1997 debuterte han som plateartist, og sidan 2004 har han hatt stor suksess med sine soloalbum.

Musikkarrieren

Tidleg karriere

Nordstoga har fått størst merksemd for soloplatene med stort sett eigenkomponerte songar, sjølv om samarbeida òg har vore mange og svært suksessrike. Først kom to album med gruppa Something Odd – Something Odd (1997) og Solreven (1998) – og så solodebuten Nordstoga (2000). Gjennombrotet kom med Luring i 2004. Kveldssong for deg og meg, med tekst av Ragnar Hovland, vart ein slager. Plata selde i meir enn 160 000 eksemplar.

Med gruppa Blåmann Blåmann gav han i 2001 ut musikk i tradisjonen frå Vinje i pop-inspirerte arrangement. I 2002 samarbeidde han med folkesongaren Øyonn Groven Myhren om å tonesetje og framføre diktsamlinga Nivelkinn av Aslaug Vaa.

Tema og stil

Nordstoga har heile tida uttrykt seg i eit mangfald av musikalske sjangrar, ofte relatert til folkemusikk. Musikalsk finn ein eit spenn mellom ein urban og ein rural identitet. Nordstoga nyttar verkemiddel både frå amerikansk country og folkrock, frå visetradisjon og frå norsk folkemusikk. Tittelen Kåbbåy (2000) viser den amerikanske påverknaden, men omsett til lokale tilhøve.

Arrangementa i Luring er eit lyft i høve til tidlegare produksjonar, med meir varierte, spekka av detaljar på ulike instrument. Nordstoga har foredla blandinga av verkemiddel og trekt dei hakket lenger i begge retningar. Ei gruppe hardingfelespelarar gir klare assosiasjonar til norsk kulturarv, medan dei klassisk orienterte strykarane som medverkar i Borga i ur peikar mot ei meir glamorøs, symfonisk tilnærming.

Det lystige albumet Heim te mor (2006) har mykje til felles med Luring.Familie, nære relasjonar og Det som varer er sentrale tema. Den neste utgivinga, Pilegrim (2008), vart ein kontrast i så måte. Her er det Ragnar Hovland og Stein Versto som står bak tekstane, og vandringsmannen er temaet. Heimlengsla som var eit sentralt tema tidlegare, er her erstatta med ei nyfikne mot fjernare strok. Ein austleg undertone er tydeleg gjennom jazz-trompetisten Arve Henriksen sin japansk-inspirerte falsettsong og kjølege klang, og plata har eit meir dominerande innslag av melankoli og ettertanke enn Nordstoga har vist tidlegare. Ei av låtane, Min eigen song, gjekk til topps på Norsktoppen.

Musikken på albumet Bestevenn (2011) er dels skriven til og dels inspirert av TV-serien Vaffelhjarte, etter boka med same namn av Maria Parr. Serien gjekk på NRK1 hausten 2011, og tok opp tema som nærleik og kjærleik til heimstaden, familie og vener. Nordstoga spelte sjølv ei lita rolle i TV-serien.

Hausten 2016 gav han ut Aleine heime, som består av gamle songar innspelt akustisk heime hos han i Oslo. I 2017 kom Nordstoga med to 3-spors singlar: Mykje lyd og Mykje varme. I 2020 kom albumet Fatig ferdamann, og hausten 2022 ga han ut albumet Inn i skogen.

Forholdet til Vinje

Nordstoga voks opp på garden Plassen, der Aasmund Olavsson Vinje heldt til 160 år før han. Dette syner att i enkelte prosjekt. Mellom anna har han og broren, Aasmund Nordstoga, saman med felespelaren Torgeir Leivdal, turnert med konsertprogrammet «Storegut». Denne framsyninga med Vinje-tekstar kom til i 1996 og var òg ute på ein omfattande turné i 2008, då med Per Anders Buen Garnåsfele.

Nordstoga framfører mange av songane sine på Vinje-dialekt, noko som tydeleg syner den geografiske identiteten hans. Han veit å spele på bakgrunnen sin, til dømes gjennom titlar som Den siste generasjon som lengtar heim (2000) og Heim te mor (2006; ein stor hit på VG-lista). Samstundes tek han opp emne og refleksjonar som er notidige. Utgivinga Heimafrå (2013) er laga i samarbeid med Ingebjørg Bratland, med inspirasjon og musikk frå folkemusikktradisjonen i Vinje. Hausten 2023 ga dei to ut eit nytt duettalbum, Langt heimafrå.

Andre musikalske samarbeid

I tillegg til verksemda i sine eige band har Nordstoga arbeidd med ei rekkje ulike utøvarar. Saman med Sissel Kyrkjebø spelte Nordstoga inn meir og mindre kjende julesongar på albumet Strålande jul (2009), som vart endå ein salssuksess og er den nynorskredigerte plata som har selt mest til no. Dei to turnerte i Noreg etter plateutgivinga. Han har òg skrive musikk til artisten Herborg Kråkevik, har vore gjest hos hiphopgruppa Klovner i Kamp og har hatt ei rolle (Fuglefanten) i ein folkemusikkversjon av Mozart-operaen Tryllefløyta. Hausten 2015 kom soloalbumet Dette landet, der tre av tekstane var skrivne i eit nytt samarbeid med forfatteren Stein Versto. I 2018 utga han eit heilt album, Kløyvd, og juleplata Jul, der han vart akkompagnert av Det Norske Kammerorkester.

Sangbøker og barnebøker

Nordstoga har samla fleire av songane sine i boka Songfuggel i karmen: 40 songar med notar og gitarbesifring (2007). I 2002 var han redaktør for ei songbok for barn, Song for deg og meg. Antologien inneheld 123 songar for store og små. Den vart illustrert av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Han har dessutan gitt ut barnebøkene Eg og Pontus går for gull (2013) og Eg og Pontus går i land (2014). Biletbøkene er skrivne i ei stilsikker verseform, og illustrasjonane er ved Rune Markhus.

Utmerkingar

Nordstoga har motteke fleire prisar. I 2002 fekk han og Øyonn Groven Myhren Spellemannprisen i klassen folkemusikk/gamaldans for plata Nivelkinn. I 2004 vart han Årets spellemann og beste mannlege artist. Same året fekk han prisen for god offentleg språkbruk, Vinje kommunes kulturpris og Folkemusikkprisen. I 2007 fekk han endå ein Spellemannpris, denne gongen for musikken til barneprogrammet Jul i Svingen. For samarbeidsprosjektet og plata Heimafrå fekk Nordstoga Spellemannprisen saman med Ingebjørg Bratland i 2013, og i 2015 fekk han Spellemannprisen i klassen «Årets tekstforfattar» for albumet Dette landet. Nordstoga har seinare fått fleire nominsjonar til Spellemannprisen i same kategori.

I 2014 vart Odd Nordstoga, saman med broren Aasmund Nordstoga, kåra til Årets nynorskbrukar. Han var festspeldiktar saman med Stein Versto under Dei nynorske festspela i 2020.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eggum, Jan; Ose, Bård; Steen, Siren og Bergan, Jon Vidar (2013): Norsk pop & rockleksikon: Fra Abel til Aabel. Oslo: Tanum.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg