Odd Lovoll

Faktaboks

Odd Lovoll

Odd Sverre Lovoll

Født
6. oktober 1934, Sande i Møre og Romsdal

Artikkelstart

Odd Lovoll er ein norsk-amerikansk historikar, professor i historie, som har forska på norsk utvandring til Amerika og formidla kunnskap om norskamerikanarane sitt liv og virke til eit breitt publikum.

Odd Sverre Lovoll vart fødd i Bjørlykka i Sande kommune (no i Vanylven kommune) på Sunnmøre. I 1946 flytta han til USA, men gjekk på gymnas i Volda og lærarskule i Oslo. I 1973 tok han doktorgraden ved Universitetet i Minnesota, med ei avhandling om norske bygdelag i USA. Frå 1973 til 2001 var han professor i skandinavisk migrasjon til Amerika ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota.

Som redaktør for det norskamerikanske historielaget ved colleget var han ansvarleg for eit 30-tals publikasjonar om norske utvandrarar, og han skreiv sjølv ei rekkje bøker, på engelsk og norsk. Lovoll har kartlagt dei norske emigrantane sitt sosiale og kulturelle liv frå dei byrja å kome til Amerika i 1825. Somme av temaa har han vore blant dei første til å forske på. I Den lange overfarten. Tidlig norsk utvandring til Amerika (2016) tek han for seg den norske utvandringa i 1850- og 60-åra. I den perioden drog ni av ti norske emigrantar til Canada.

Forskinga hans viser at norskamerikanarar lenge hadde ein sterk norsk identitet. Dei mange norskspråklege avisene som vart starta, var med å halde oppe banda til Noreg, samtidig som dei var vegvisarar inn i det nye storsamfunnet. I Norske aviser i Amerika (2012) går det fram at nær 300 norske aviser såg dagens lys. Skandinaven, som kom ut i Chicago, hadde på det meste eit større opplag enn noka avis i Noreg.

I Det løfterike landet. En norskamerikansk historie (1983) og Innfridde løfter. Et norskamerikansk samtidsbilde (1999) fortel Lovoll korleis det har gått med dei norske amerikafararane. Han slår fast at det tok si tid for dei å tilpasse seg det nye landet, noko han meiner er viktig for nordmenn å kjenne til, no som Noreg har vorte eit innvandringsland.

Lovoll var redaktør for The Norwegian-American Historical Association i åra 1980–2000. I 1985 vart han riddar av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. I 1989 vart Lovoll medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, i 2011 fekk han prisen Fritt Ords Honnør.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg