Odd Emil Ingebrigtsen

Faktaboks

Odd Emil Ingebrigtsen
Født
8. oktober 1964, Bodø, Nordland
Odd Emil Ingebrigtsen i 2020.
Av /NTB.

Artikkelstart

Odd Emil Ingebrigtsen er næringsdrivande, politikar og tidlegare fiskeri- og sjømatminister i regjeringa Solberg i 2020–2021.

Bakgrunn

Odd Emil Ingebrigtsen er fødd i Bodø i Nordland. Han var elev ved Bodø videregående skole i 1980–1984, inkludert eit år som utvekslingselev i New Jersey i USA i 1981–1982. Han har delvis fullført fiskeriøkonomstudiet ved Høgskolen i Bodø (no Nord universitet) i 1984–1986.

Ingebrigtsen har vore eigar av Edging Holding (tidlegare familiebedrifta Odds Bokhandel AS) sidan 1991. Firmaet investerer i ulike bedrifter i Nordland. Han var dagleg leiar i Odds Bokhandel i 1988–2004 og administrerande direktør i Boligbyggelaget Nobl i 2008–2013. Deretter var han direktør i BRUS (Bodøregionens Utviklingsselskap) i 2013–2018 og administrerande direktør i Indre Salten Energi i perioden 2018–2020.

Politisk karriere

Ingebrigtsen har vore aktiv i Unge Høgre sidan tenåra, og han var sentralstyremedlem i 1985–1986, deretter generalsekretær i Unge Høgre i 1987–1988. Han var kommunestyrerepresentant for Høgre i Bodø i 1992–2011, og har vore både gruppeleiar og medlem av formannskapet. Han var òg leiar i lokalpartiet i 1985–1987 og 1991.

Ingebrigtsen var vararepresentant for Høgre frå Nordland i perioden 1989–1993. I januar 2020 blei Ingebrigtsen statssekretær for statsråd Tina Bru i Olje- og energidepartementet. Då partifellen Geir Inge Sivertsen trekte seg, på grunn av rot med etterlønn, tok Ingebrigtsen over som fiskeri- og sjømatminister i mars 2020. Han måtte gå av saman med resten av regjeringa etter stortingsvalet i 2021.

Som politikar har han vore oppteken av verdiskaping og næringsutvikling. Han har arbeidd for fleire arbeidsplassar og berekraftig vekst i fiskeri- og sjømatnæringa.

Andre verv

Ingebrigtsen var styremedlem i Coop Nordland i 2014–2015 og styreleiar i 2015–2020. Han hadde òg ei lang rekkje andre styreverv, som han måtte seie frå seg då han blei statsråd.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg