Obert er eit nylaga mannsnamn (1820). Forleddet O- finst også i Oberg og Ovald. Etterleddet -bert finst i mange namn, til dømes Albert. I nokre tilfelle kan Obert gå tilbake til Aubert, eit opphavleg fransk slektsnamn tatt i bruk som førenamn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Obert som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg