Faktaboks

Nørve
Nørvøya
Uttale

Nørve, Nyrve

Nørve er ei øy i Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Ho er ei av dei fire øyene som tettstaden Ålesund ligg på.

Øya er 5,0 km2 med 9647 innbyggarar (2015). Nørve ligg mellom Hellesundet (Ålesundet) i vest og Nørvasundet i aust; desse skil øya frå Aspøya i vest og Uksenøya i aust.

På Nørve ligg Ålesund rådhus og det sentrale forretningsstroket, dessutan rutebåtkaier og rutebilstasjon. Høgdedraget Aksla stig bratt opp frå sentrum (høgste punkt 189 moh.) og er omgitt av parkanlegg. Her er ein restaurant lengst vest på høgdedraget med utsikt over byen og langt til havs.

Kart

Nørvøya
Nørvøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg