Rettskrivingsframlegga frå 1901

Eksempel på endringar i rettskrivingsframlegga frå 1901, samanlikna med formene i Aasen-normalen

Rettskrivingsframlegga frå 1901
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Rettskrivingsreforma av 1901 var den første offisielle nynorskrettskrivinga. Reforma vart utforma i regi av Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1898 og gjort gjeldande i 1901. Den gjaldt fram til den første felles rettskrivingsreforma for bokmål og nynorsk (da kalla riksmål og landsmål) i 1917.

Faktaboks

Også kjend som

Nynorskrettskrivinga av 1901, 1901-normalen

I arbeidet med rettskrivingsreforma var det diskusjon om ein skulle gå inn for former som låg nær opp til tradisjonen frå Ivar Aasen, eller om ein skulle bruke former som låg nærare dei såkalla midlandsmåla (først og fremst dialektane i Vest-Telemark). Nemnda som utarbeidde reforma, kom med eit delt framlegg: ein tradisjonell variant, kalla «Hægstadnormalen», og ein «midlandsnormal». Hægstadnormalen vart godkjent som hovudnormal og fekk status som den offisielle landsmålsrettskrivinga utan særleg strid.

Dei viktigaste endringane i Hægstadnormalen var at store førebokstavar i substantiv vart avskaffa («eit Hus» vart til «eit hus») og at endinga -ade i preteritum av a-verba vart endra til -a («han kastade» vart til «han kasta»).

Bakgrunn

Ivar Aasen (rundt 68 år gamal)

Ivar Aasen hadde fastlagt ein målførebasert skriftnormal for eit norsk språk. Denne normalen vart tatt i bruk av mange aktivistar, men var ikkje formelt bindande for nokon, sidan det var snakk om eit privat tiltak frå Aasens side.

Ivar Aasen (rundt 68 år gamal)
Av .
Marius Hægstad

I 1898 nemnde regjeringa opp ei nemnd som fekk i oppdrag å legge fram utkast til ei offisiell landsmålsrettskriving. Formann i nemnda var Marius Hægstad, professor i landsmål og norske dialektar.

Marius Hægstad
Av /NTB Scanpix ※.
Rasmus Flo
Rasmus Flo, redaktør av tidsskriftet Syn og Segn, var medlem av rettskrivingsnemnda. Han var tilhengar av midlandsnormalen.
Rasmus Flo
Av .
Arne Garborg
Forfattaren Arne Garborg var medlem av rettskrivingsnemnda. Han var tilhengar av midlandsnormalen.
Arne Garborg
Av /※.

Ivar Aasen hadde fastlagt ein målførebasert skriftnormal for eit norsk språk som alternativ til det danske skriftspråket som gjaldt i Noreg på 1800-talet. Denne normalen la han fram i Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog med dansk Forklaring (1873), og den vart tatt i bruk av mange aktivistar i den næraste ettertida, men var ikkje formelt bindande for nokon, sidan det var snakk om eit privat tiltak frå Aasens side. Men det voks fram ei sosial rørsle og ein skriftkultur i striden for det nye skriftmålet, som vart kalla landsmål, og eit av dei fremste krava frå denne rørsla var å få det innført i skulen, først og fremst folkeskulen, eit nytt skuleslag som var innført etter eit lovvedtak i Stortinget i 1889.

Ved ei lovendring i 1892 vart det opna høve for lokale skulekrinsar til å vedta og gjennomføre grunnopplæringa i folkeskulen på landsmål, og det vart frå 1890-talet av gjort i ymse bygdesamfunn. Sidan rettskrivinga i det landsmålet som vart brukt i praksis skifta ein del, alt etter dialekta og språksynet åt den som skreiv, oppstod det eit behov for å få fastsett ei offisiell rettskriving som kunne ligge til grunn for undervisninga og nyttast i lærebøker og ordlister som skulle rettleie elevar og for den del lærarar i «rett» og «feil» staving – noko som for lengst var etablert i det dominerande norskdanske skriftspråket. Det var eit ledd i realiseringa av stortingsvedtaket frå 1885 om jamstilling av dei to skriftspråka.

Frå 1898 til 1903 hadde Venstre regjeringsmakta i Noreg, og Venstre var eit landsmålsvennleg parti som hadde vore drivkrafta bak jamstillingsvedtaket i 1885 og endringa i skulelova i 1892. I 1898 nemnde regjeringa opp ei nemnd som fekk i oppdrag å legge fram utkast til ei offisiell landsmålsrettskriving. Formann i nemnda var Marius Hægstad, professor i landsmål og norske dialektar på Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania. Dei to andre medlemmene var Rasmus Flo, redaktør av tidsskriftet Syn og Segn, og diktaren Arne Garborg.

Prosedyre

Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne

Alt tidleg i 1899 la nemnda fram eit framlegg, i hovudsak utarbeidd av Rasmus Flo. På ei rekke punkt når det gjaldt endingssystemet delte nemnda seg i to, oftast slik at Hægstad gjekk inn for ei form som låg nær opp til tradisjonen frå Aasen, mens dei to andre foreslo former som låg nærare dei såkalla midlandsmåla, først og fremst basert på dialektane i Vest-Telemark. Summen av deira framlegg gjekk under namnet midlandsnormalen; Hægstads meir tradisjonelle normal er i språkhistoria kjent som Hægstadnormalen.

Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne
Av .

Alt tidleg i 1899 la nemnda fram eit framlegg, i hovudsak utarbeidd av Rasmus Flo. På ei rekke punkt når det gjaldt endingssystemet delte nemnda seg i to, oftast slik at Hægstad gjekk inn for ei form som låg nær opp til tradisjonen frå Aasen, mens dei to andre foreslo former som låg nærare dei såkalla midlandsmåla, først og fremst basert på dialektane i Vest-Telemark. Summen av deira framlegg gjekk under namnet midlandsnormalen; Hægstads meir tradisjonelle normal er i språkhistoria kjent som Hægstadnormalen.

Departementet sende framlegga frå nemnda ut på høyring, og bad spesielt dei to framståande språkkjennarane og lærarane Lars Eskeland og Matias Skard vurdere dei. Begge desse støtta i all hovudsak Hægstads framlegg. Deretter kom nemnda med ei tilleggsfråsegn basert på høyringa, og no gjekk ho samla inn for at Hægstadnormalen skulle vere hovudnormal, mens dei skulane eller elevane som ønskte det, burde få høve til å ta i bruk midlandsnormalen.

Departementet gjorde i 1901 det vedtaket at Hægstadnormalen skulle vere den offisielle rettskrivinga for landsmålet; midlandsnormalen vart ikkje nemnd i vedtaket. Skard redigerte same året ei ordliste basert på Hægstadnormalen (med nokre få avvik i detaljar), og departementet bestemte at denne ordlista heilt konkret skulle vere den autoritative kjelda for kva som var rett skrivemåte.

Hovudpunkta i 1901-reforma

Hægstad baserte seg som sagt på Aasens normal, men med visse tilpassingar til nyare språkbruk som alle i nemnda var samde om. Såleis vart store førebokstavar i substantiv avskaffa, slik det også hadde skjedd i dansk-norsken (riksmålet). Men den viktigaste endringa var at der Aasen hadde føreskrive endinga -ade i preteritum av dei såkalla a-verba (han kastade, som i svensk), gjekk nemnda samrøystes inn for at det skulle skrivast -a etter talemålet (han kasta). Denne endringa omfatta svært mange verb. Perfektum partisipp av dei same verba fekk ei tilsvarande forenkling. Døme:

  • Aasens normal føreskreiv: Steinen er kastad – Spjotet er kastat
  • I 1901-rettskrivinga skulle det skrivast: Steinen er kasta – Spjotet er kasta

Eit omstridd spørsmål var stumme t-ar i inkjekjønn i fleire ordklasser (jamfør endringa kastat -> kasta ovanfor). Aasen hadde gått inn for å skrive slike t-ar over heile lina. Døme:

  • Substantiv i bunden form: Landet (av Land), Augat (av Auga)
  • Adjektiv på -en: Huset er opet (men: Porten er open (hankjønn))
  • Perfektum partisipp av sterke verb: Brevet er skrivet (men: Artikkelen er skriven)

Hægstad ønskte å halde på Aasens skrivemåtar her, mens dei to andre ønskte å stryke dei stumme t-ane. Dette vart eit omdiskutert punkt, og det enda med ei fordeling i den vedtatte hovudnormalen, slik at -et vart ståande som bunden artikkel i eintal av inkjekjønnsord (unntatt dei få som enda på -a, som auga, øyra og hjarta), men stroken i dei andre formene. Dømelista ovanfor vart altså sjåande slik ut i den nye normalen:

  • Substantiv i bunden form: landet (av land), auga (av auga, altså både eit auga og det auga)
  • Adjektiv på -en: huset er ope
  • Perfektum partisipp: brevet er skrive

Aasen hadde føreskrive endinga -ne i bunden form fleirtal av hankjønnsord og hokjønnsord med fleirtal på -ar, og -na i andre hokjønnsord. Døme:

  • ein Arm – Armen – Armar – Armarne
  • ei Skaal – Skaali – Skaaler – Skaalerna
  • ei Visa – Visa – Visor – Visorna
  • ei Bok – Boki – Bøker – Bøkerna
  • ei Elv – Elvi – Elvar – Elvarne

Her gjekk heile nemnda inn for å avskaffe -na og gjennomføre -ne; i Hægstadnormalen skulle det altså heite armarne, skaalerne, visorne, bøkerne og elvarne – former som langt på veg alt hadde slått igjennom i bruken.

Midlandsnormalen

Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg, utgitt i 1906
Olav Duun

Olav Duun var blant forfattarane som kutta ut stumme t-ar, for eksempel i verket Juvikfolke (Juvikfolket).

Olav Duun
Av /※.

Midlandsnormalen hadde fleire avvik frå Aasen-normalen, som kan summerast opp slik:

  1. T-ane i inkjekjønn skulle strykast heilt, altså lande, huse, breve.
  2. I bunden form fleirtal hadde Hægstad i samsvar med Aasen endingar med -rn-: armarne, elvarne. Flo og Garborg føreslo å stryke r-en og skrive armane og elvane.
  3. Aasen føreskreiv endingane -er og -or i fleirtal av hokjønnsord (og -er i ein del hankjønnsord). Flo og Garborg føreslo -ir og -ur: skaalir – skaaline, visur – visune, gjestir – gjestine. Det var eit kjernepunkt i midlandsnormalen og baserte seg på telemarksmålet.
  4. I såkalla konsonantstammer føreskreiv Aasen -er i fleirtal: Føter – Føterne (av Fot), BøkerBøkerna (av Bok), GeiterGeiterna (av Geit). Her ønskte Flo og Garborg å føre inn -ar (føtar – føtane, bøkar – bøkane, geitar – geitane) etter telemarksmålet.
  5. Endeleg ønskte Flo og Garborg å føre inn kløyvd infinitiv, der endinga skifta mellom -a og -e i samsvar med mange austnorske dialektar: aa vera, men aa kaste. Aasen og Hægstad heldt på -a som einaste infinitivsending (aa vera, aa kasta).

Resultat

Hægstadnormalen slo snøgt igjennom i skulen og fekk status som den offisielle landsmålsrettskrivinga utan særleg strid. Midlandsnormalen fekk altså ikkje innpass; dei som ville nytte denne skrivemåten hadde da òg mindre og dårlegare hjelpemiddel enn dei som følgde hovudnormalen, der Skards ordliste var ei lett tilgjengeleg rettesnor. For midlandsnormalen vart det aldri laga noka ordliste, men Flo og Garborg gav i 1906 ut eit rettleiingshefte i å skrive landsmål etter denne normalen.

Trass i mangelen på hjelpemiddel vart midlandsnormalen tatt i bruk av somme forfattarar, først og fremst Arne Garborg. Forfattarar med bakgrunn i midlandsdialektar tok gjerne opp trekk frå denne normalen i sin eigen språkbruk utan å følgje han fullt ut, ikkje minst kløyvd infinitiv. Dette trekket vart nytta av mange forfattarar med eit austlandsk eller trøndersk dialektgrunnlag for å gjere språket til eit betre uttrykk for talemålet deira.

Heller ikkje stryking av -t i inkjekjønnsord (til dømes huse og orde for huset og ordet) var så uvanleg i landsmålet i desse åra, og ikkje avgrensa til midlandsnormalen, sidan denne t-en var stum i nesten alt norsk talemål; Olav Duun frå Namdalen gjennomførte såleis denne praksisen. Generelt eksperimenterte mange forfattarar med å legge eigne dialekttrekk inn i det landsmålet dei skreiv, og dermed vart ikkje målet i praksis så einsarta som Aasen og Hægstad hadde ønskt.

Justeringar i 1908 og 1910

I 1908 sette departementet ned ei nemnd til å drøfte ei samordning mellom landsmål og riksmål i ortografiske spørsmål som ikkje hadde med bøyingssystemet og ordformer å gjere, berre med sjølve skrivemåten, kalla Eitrem-nemnda etter formannen. Nemnda kom med ein del framlegg som ikkje vart tatt opp til vidare behandling av departementet. Men for landsmål sende departementet ut eit rundskriv i 1910 som gav elevane høve til å vike av frå Hægstadnormalen på fire punkt, som alle innebar ei tilnærming til riksmål:

  1. Ubunden form på -e vart tillaten i svake hokjønnsord der -a var hovudform: ei vise (hovudform: ei visa)
  2. Verb på -era skulle etter 1901-normalen bøyast som a-verb, altså studerar – studera – har studera. For elevar skulle det vere tillate å bøye slike verb som e-verb: studerer – studerte – har studert.
  3. Det skulle vere tillate for elevar å sløyfe -r- i bunden form fleirtal av substantiv i hankjønn og hokjønn; dei skulle altså ha lov til å skrive hestane, skaalene og visone utan å få feil for det, sjølv om hovudnormalen framleis hadde hestarne, skaalerne og visorne.
  4. I ein del ord på -jo- eller -ju- skulle det vere lov å skrive -y-. Døme: bryta, blyg, krypa, lys. I hovudnormalen var dei tradisjonelle formene brjota, bljug, krjupa og ljos framleis obligatoriske.

Punkta 1 og 3 var i samsvar med midlandsnormalen, men alle punkta kan sjåast som eit forvarsel om den langt større reforma som skulle kome i 1917.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg