Nynorsk Pressekontor (NPK) vart oppretta i 1969 i Oslo. Føremålet er å sende ut allsidig pressestoff på nynorsk til norske nyheitsmedier.
Faktaboks
- Også kjent som
-
NPK
Pressekontoret vart oppretta etter at Stortinget løyvde pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. NPK vert drive som ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga. NPK legg vekt på nyheiter om kultur, primærnæringar, miljø og helse. Rundt 40 norske aviser mottar meldingar frå NPK.
Kommentarer (2)
skrev Berit Rekve
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.