Norveig, som er eit nylaga kvinnenamn (1898), er samansett av dei etablerte ledda Nor- og -veig.

Norveig liknar landsnamnet Norway på engelsk, men ettersom Norveig er laga lenge før den sterke angloamerikanske påverknaden på norsk, er det mindre rimeleg at likskapen med Norway er tilsikta.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Norveig Frida Kristensen fødd 1898 i Moss.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Norveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg