Norvegia sacra var opphaveleg ei årbok og ein skriftserie "til Kunnskap om den Norske Kirke i Fortid og Samtid", gjevne ut på initiativ frå Den norske kyrkja og med professor i kyrkjehistorie, Oluf Kolsrud, som redaktør.

Faktaboks

Uttale
norvˈegia sˈacra
Etymologi
latin ‘det hellige Norge’

Årboka kom ut frå 1921 og inneheldt kyrkjehistoriske avhandlingar og aktstykke. Siste årbok kom i 1950 (band 20). Skriftserien, Bibliotheca Norvegiae Sacrae, omfatta òg 20 band som blei publiserte frå 1922 til 1956, og inneheldt større avhandlinger.

Bibliotheca Norvegiae Sacrae blei seinare slått saman med hovudserien og kom ut med ujamne mellomrom. Band 22 kom i 1965, band 23 i 1980.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg