CubeSat - nCube II
Modell av satellitten nCube II, ein 1-unit CubeSat.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Norske aktørar har utvikla og fått skote opp fleire satellittar. Her følgjer ei oversikt over satellittar utvikla og skotne opp av norske aktørar sidan 2000, med vekt på små satellittar og det vi kallar «newspace». Fleire av desse har vore svært viktige teknologidemonstratorar innanfor målområda sine.

Satellittar primært for hav- og AIS-overvåking

Dei fleste småsatellittane i Noreg har skote opp sidan 2010 har som føremål å overvåke havområda våre på ulike måtar, eller støtte aktivitetar i Arktis.

AISSat-serien

AISSat 1, 2 og 3 vart skotne opp i perioden 2010–2017 av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Norsk Romsenter, Kystverket og Kongsberg Seatex. Satellittane har ein AIS-mottakar for registrering av skipstrafikk. AISSat-3 kom aldri i bane på grunn av ein feil med raketten under oppskyting og gjekk tapt. Satellittane er små kuber med sider på 20 centimeter, men dei høyrer ikkje til den populære typen nanosatellittar kalla CubeSats. Etter aktiv teneste – langt utover planlagt levetid – er både AISSat-1 og 2 no tekne ut av drift (pr. februar 2023, nøyaktige sluttdatoar er ukjende).

NorSat-serien

NorSat 1 og 2 vart skotne opp i 2014. NorSat-3 vart skoten opp 29. april 2021. Satellittane er større enn AISSat-familien, og har ei form på omtrent 20x30x40 centimeter. I tillegg til å ha ein AIS-mottakar, er dei utstyrte med andre nyttelaster, anten for vitskap, overvaking av havet eller utprøving av nye kommunikasjonssystem.

Forsvarets Forskningsinstitutt

FFI har fleire prosjekt som har som føremål å dra fram ny teknologi som mellom anna kan hjelpe norske militære operasjonar.

ARCSAT

Ein 6U CubeSat med formål å teste ut nye satellittkommunikasjonstenester i nordområda. Satellitten vart skoten opp med ein SpaceX Falcon-9-rakett den 1. april 2022, i ei ca 550 kilometer høg bane.

MILSPACE2 – Huygens og Birkeland

Dette er to satellittar med forfaktor 6U CubeSat. Desse skal operere i tandem for å detektere radarsignal frå skip. Prosjektet er eit samarbeid mellom FFI og dei nederlandske forskingsorganisasjonane NLR og TNO. Satellittane er kalla opp etter den nederlandske forskaren Christiaan Huygens (f. 1629) den norske fysikaren Kristian Birkeland (f. 1867). Oppskytinga var 3. januar 2023 med ein SpaceX Falcon-9-rakett frå Florida, i ei banehøgde på omlag 535 km.

Det er fleire satellittar under utvikling.

Student- og universitetssatellittar

Frå 2001 og fram til i dag har det vore fleire studentsatellittprosjekt i Noreg, og fem satellittar er skotne opp (nyaste øvst i lista):

SelfieSat

Ein 2-unit CubeSat utvikla av studentar ved NTNU, i studentorganisasjonen Orbit NTNU. Satellitten vart skoten opp med ein SpaceX Falcon-9-rakett den 25. mai 2022. På grunn av ein feil med overføringsfartøyet satellitten låg inne i, vart den ikkje sendt ut i eiga bane før i midten av august 2022, då det vart oppdaga at den sender regelmessige radiosignal. Satellitten er utstyrt med fleire kamera, mellom anna eit selfie-kamera som er tenkt å ta bilete av ein skjerm på satellitten der det kan visast bilete av personar.

HYPSO-1

Ein 6-unit CubeSat frå NTNU, med ei forskingsnyttelast som er eit hyperspektralt kamera. Satellitten vart skoten opp 13. januar 2022 saman med 104 andre satellittar om bord i ein SpaceX Falcon 9-rakett frå Cape Canaveral Space Force Station i Florida. Satellitten går i ei 540 km solsynkron bane. Sjølve satellitten er bygd av selskapet NanoAvionics i Litauen, medan nyttelasta er utvikla ved NTNU.

HiNCube

Ein liten satellitt (1-unit CubeSat) utvikla av studentar ved tidlegare HiN (no Universitetet i Tromsø, campus Narvik). Satellitten vart skoten opp i 21. november 2013 med ein Dnepr bærerakett frå Yasny oppskytingsbase i Russland, til ei 594 km × 682 km solsynkron bane, men det vart ikkje oppnådd kontakt med denne. Hovudnyttelast var eit lite kamera.

nCube 1 og 2

Små 1-unit CubeSats utvikla av NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), tidlegare Høgskolen i Narvik (HiN) og UMB. Satellittane skulle spore reinsdyr ved hjelp av AIS. nCube 1 tapt då oppskytinga med ein Dnepr-rakett frå Bajkonur feila den 26. juli 2006. nCube 2 vart skote opp i den 27. oktober 2005 med ein Kosmos 3M-rakett frå rakettbasen Plesetsk i Russland til ei 682 km solsynkron bane. Raketten var montert inni den større europeiske studentsatellitten SSETI-Express. Sidan ein aldri fanga opp signal frå nCube 2, er det ein teori at satellitten sat fast inni «modersatellitten», i allefall så lenge at batteria vart tømde og difor ikkje fungerte. På fleire måtar danna dette prosjektet grunnlaget for den vidare utviklinga av rom-basert AIS i Noreg, gjennom AISSat-serien.

I tillegg har det vore, og er, andre satellittprosjekt ved UiT, UiO og NTNU.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg