Faktaboks

Norsk Målungdom
NMU
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
25.07.1961
Dagleg leiar
Emma Pedersen
Styreleiar
Tobias Eikeland
Logo
Logo
Av .

Norsk Målungdom er ein ungdomsorganisasjon som arbeider for å fremje nynorsk, dei norske dialektane og språkmangfald. Den er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag og har om lag 1200 medlemer.

Norsk Målungdom blei oppretta i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag. Organisasjonen fekk det noverande namnet i 1971.

Målungdomen har ofte hatt eit meir radikalt syn på målspørsmål enn Mållaget, og har òg engasjert seg i fleire allmennpolitiske saker, til dømes i EF-/EU-striden på 1970- og 1990-talet. Norsk Målungdom har også engasjert seg for å betre vilkåra for minoritetsspråk i Noreg, som kvensk, lulesamisk og nordsamisk. I målrørsla har Målungdomen spela ei rolle for det ideologiske ordskiftet, med studentmållaga som dei førande aktørane.

Sidan 2001 har organisasjonen delt ut Dialektprisen, som blir gitt til offentlege personar som utmerker seg med resolutt bruk av eiga dialekt. Norsk Målungdom arrangerer sumarleir for medlemene sine.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Norsk Målungdom
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg