Norsk Aarbok

Norsk Aarbok 1922
Av .

Norsk Aarbok var ei årbok for høgnorsk, skipa av Torleiv Hannaas og ført vidare av Gustav Indrebø. Årboka kom ut i Bergen i tidsrommet 1920–1939.

Initiativet til Norsk Aarbok vart teke av Torleiv Hannaas, som redigerte boka frå 1920 til han døydde i 1929. 1930-årgangen vart redigert av Gustav Indrebø og Lars Eskeland. Deretter var Indrebø redaktør til og med 1939. I 1937 var det inga utgiving.

Den første årboka, liksom dei seinare årgangane, kom utan redaksjonell innleiing eller programerklæring. Men tanken var at årboka skulle vere eit årsskrift for høgnorsk. Språksynet sitt la Hannaas fram i 1922-årgangen, i artikkelen «Høgnorsk eller flatnorsk?»

Kvar årbok var ei samling artiklar skrivne av ulike forfattarar om mellom anna målreising, folkeminne, sentrale personar i norskdomsrørsla, om språktilhøva i andre land, om diktarar, om Island, Færøyane og Grønland og om leveveg og handverk på bygdene. I seinare årgangar finn vi òg artiklar om så ulike emne som kristendom og humanisme, Mussolini og Hitler, fargefotografering og jordolje.

I årbøkene 1925–1929 gav Hannaas kvart år eit oversyn over nye bøker på nynorsk. Bibliografiane vart førte vidare av Sigmund Skard og Norsk Boksamling i årgangane for 1933–1937.

I 2005 starta Høgnorskringen opp ei ny rekkje av årboka, no med skrivemåten Norsk Årbok.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg