Normannalaget

Artikkelstart

Normannalaget var eit mållag i Amerika. Laget var det første mållaget i Amerika.

Normannalaget vart skipa i Moorhead, Minnesota 7. juni 1913 i samband med avdukinga av Ivar Aasen-støtta på området til Concordia College i same byen.

Ideen om eit mållag kom frå ei gruppe medlemer av Søndmørslaget, som hadde teke initiativ til å feire 100-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel 6. og 7. juni 1913. Over 2000 menneske, dei fleste norskamerikanarar i bunad, samla seg til markeringa. Hulda Garborg og Anders Hovden var representantar frå Noreg. Hovden var offisiell representant for Noreg, betalt av Stortinget, medan Hulda Garborg var utsending frå Noregs Ungdomslag.

På skipingsmøtet til Normannalaget vart Paul Vik vald til formann. Andre medlemer i styret var redaktør Peer Storeygard, Kristian Nøtsund, Eivind Aakhus og J.A. Kampen. Sidan Peer Storeygard, redaktøren av nynorskbladet Norrøna, var med i styret, var det naturleg at bladet vart eit talerøyr for mållaget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Haugen, Einar (1953): The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior, Volume 2: The American Dialects of Norwegian. Philadelphia: University of Pennsylvania Press
  • Sunde, Arne (1995): «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920», i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. Minnesota: The Norwegian-American Historical Association, s. 171–199

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg