Avishode
Avishode
Av /Norsk presses historie.
Forside av Norig
Den fyldige dekninga av den første verdskrigen gjorde Norig etterspurd.
Forside av Norig
Nasjonalbilioteket .

Norig var ei landsmålsavis som kom ut i Skien i åra 1909–1933.

Etablering

I 1906 vart mållaget Dag skipa i Skien, og laget hadde som eit av sine første mål å få i gang ei landsmålsavis i Telemark. Det vart danna eit aksjeselskap for å få kjøpt eit prenteverk. Det første nummeret av Norig kom 2. desember 1909, og avisa kom så ut tre gonger i veka. Olav Eide var den første redaktøren.

Drift

I 1912 vart den 26-årige Olav Gullvåg redaktør. Han gjorde Norig til ei avis som vart lesen også utanfor krinsen av målfolk. Ikkje minst den fyldige dekninga av den første verdskrigen gjorde avisa etterspurd. Gullvåg fekk i periodar med seg bladmennene Hans Aarnes, Anton Aure og Daniel Helseth. Etter få år kom avisa ut fire gonger i veka, og i 1917 vart ho dagsavis, den einaste på dei kantar, og ho vart òg morgonavis. Redaksjonelt støtta Norig opp om norskdomsrørsla og partiet Venstre.

I 1921 drog Gullvåg til Bergen for å begynne i ei anna målavis, Gula Tidend. Økonomien for Norig hadde vore trong under Gullvåg og vart ikkje betre utover i 1920-åra. Mållaget Dag måtte ofte støtte avisa økonomisk. Journalistikken heldt ikkje lenger same nivå som i Gullvåg-perioden, og i april 1932 var det slutt. Rett nok kom det eit slags framhald med Telemark Dagblad i 1933, men denne avisa måtte stoppe allereie året etter.

Fakta

  • Fyrste nr. 2. desember 1909
  • Siste nr. 5. september 1933
  • Skifta namn til Telemark Dagblad: fyrste nr. 6. september 1933, siste nr. 8. mars 1934
  • Skifta så namn til Noreg 21. mars 1934, siste nr. 28. mai 1935

Opplag

  • 6000 (1920)

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Hansen, B. (1970): Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien: Telemark presselag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg