Nordnorsk Folkemusikksamling er ei samling ved Norges arktiske universitetsmuseum (tidlegare Tromsø Museum) og omfattar norsk, samisk og finsk tradisjonsmateriale frå Nord-Noreg.

Nordnorsk Folkemusikksamling blei skipa ved Tromsø Museum i 1949. Den sentrale drivkrafta var Arnt Bakke (1907–1975). Han var styrar av samlinga fram til han døydde i 1975, det meste av tida som fritidssyssel ved sida av stillinga som lektor i musikk ved Tromsø lærarskule. Bakke gjorde ein stor innsats med å samle inn tradisjonsmateriale frå landsdelen og bygde opp ei omfattande samling, som dessutan blei supplert med materiale frå amatørsamlarar. Frå 1982 til 2019 var professor Ola Graff konservator ved samlinga (frå 1982 til 1986 som stipendiat). Graff fekk Nordlysprisen 2021 for blant anna arbeidet med Nordnorsk Folkemusikksamling.

Bakgrunnen for opprettinga var behovet for å samle folkemusikken frå landsdelen på ein stad, og dessutan var det viktig å få utforska særdrag ved den nordnorske folkemusikken. Nordnorsk Folkemusikksamling inneheld norsk, samisk og kvensk materiale og omfattar meir enn 10 000 melodiar, av desse 2000 lydband, og om lag 36 000 manuskriptsider. Mykje er originalt materiale. I 2002 tok ein i bruk eit klimaregulert lydarkiv. Lydsamlinga er digitalisert.

Hovudoppgåvene for Nordnorsk Folkemusikksamling er innsamling, dokumentasjon, forsking og formidling. Etter at Ola Graff slutta og ble pensjonist i 2019, står stillinga som leiar ved Nordnorsk Folkemusikksamling framleis ubesatt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aksdal, Bjørn og Nyhus, Sven, red. (1993): Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk. Oslo: Universitetsforlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Graff, Ola : «The North Norway Folk Music Collection at the Tromsø Museum. The foremost Archive of Lapp (Sami) Music», Fontes Artis Musicae, vol. 51/2, 2004, s. 237–242
  • Graff, Ola (2005): Av det raudaste gull. Tradisjonsmusikk i nord. Stamsund: Orkana
  • Hansen, Ivar Roger (1996): Folkemusikk i Nordland. En oversikt. Mo i Rana: Nordland fylkeskommune og Norsk Musikkråd Nordland. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Myklebust, Rolf (1982): Femti år med folkemusikk. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Stølen, Arnfinn (1995): Songskatten vår. Vokal folkemusikk frå norske samlingar. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Vorren, Ørnulf, red. (1972): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø museum 1872–1972. Tromsø: Universitetsforlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg