Nordfjord Folkeblad

Artikkelstart

Nordfjord Folkeblad var ei nynorsk Venstre-avis utgitt i Måløy i Sogn og Fjordane i perioden 1933–1952.

Etablering

Nordfjord Folkeblad vart skipa på initiativ frå hermetikkfabrikkeigar Johan Gotteberg. Per Osdal var einaste utgivar i avisa si historie, og den første redaktøren. Den første utgåva av avisa kom 18. juli 1933, og avisa kom ut to gonger i veka. Opplagstalet er ukjent.

Drift

Avisa vart til som eit motstykke til Måløy si einaste avis, Fjordenes Tidende, som hadde eksistert sidan 1910. Fjordenes Tidende gjekk under namnet «Kavringen» på folkemunne, på grunn av eit innhald som hovudsakleg var basert på referat og telegram. Nordfjord Folkeblad hadde mellom anna bygdekultur og norskdom som sine kjernesaker, og avisa kom ut på nynorsk.

Per Osdal var redaktør fram til 1936, då tidlegare redaktør i Fjordenes Tidende, Johan M. Steffensen, tok over. I konkurransen med Fjordenes Tidende, som på denne tida hadde store økonomiske problem, auka Steffensen Nordfjord Folkeblad sin frekvens frå to til tre utgåver i veka – kvar tysdag, torsdag og fredag. Steffensen gjekk i fullt arbeid utanom redaktørstillinga i avisa. Thorleif Iversen var den siste redaktøren i avisa, frå 1948 til 1952.

Då Noreg vart okkupert i 1940, vart Nordfjord Folkeblad stogga, og avisdrifta kom ikkje i gang att før i 1948. Men avisa greidde ikkje lenger å konkurrere med Fjordenes Tidende, som hadde halde drifta oppe gjennom krigsåra, og måtte redusere til to avisdagar i veka. Nordfjord Folkeblad gjekk inn på nyåret i 1952, med den siste utgåva 5. januar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg