Avishode Nordfjord
Avishode Nordfjord
Norsk presses historie.
Forside av Nordfjord
Framside av det første nummeret av Nordfjord frå 27. juni 1897.
Forside av Nordfjord
Nasjonalbilioteket .

Nordfjord var den første avisa på Sandane i tidlegare Sogn og Fjordane, og politisk organ for partiet Høgre. Med Nordfjord blei sportsjournalistikken introdusert i Sogn og Fjordane. Avisa blei stogga under andre verdskrigen og kom ikkje ut etter dette.

Historie

Ole Jensson Nyhagen var bladstyrar i Nordfjord.

Ole Jensson Nyhagen (1867–1946), telemontør, forretningsførar og redaktør. Han var avisa Nordfjord sin bladstyrar frå 1911 til 1942. Sidan kort etter oppstarten hadde han vore avisas forretningsførar. Som ein slags bakmann sytte han for kontinuiteten dei fyrste vanskelege åra. I 1921 tok han over som eigar, han flytte verksemda frå ein kjellar i sentrum til familien sin eigedom, Nyhagen, i tettstaden Sandane, der bladstyraren etablerte avisa som ei familieverksemd. Han var med og strekte dei første telefonlinene i Nordfjord. Ei slik fagutdanning kom godt med. Bygdene stod på terskelen til elektrifisering, og Nyhagen sin kompetanse var like attraktiv som vår tids berarar av datakunnig innsikt.

Ole Jensson Nyhagen var bladstyrar i Nordfjord.
Norsk presses historie.

Avisa Nordfjord gjorde i 1896 Sandane til den fjerde varige avisbygda i Nordre Bergenhus amt. Nordfjord kosta to kroner i året og kom ut kvar laurdag fram til 1907, då ho byrja å kome ut to dagar i veka. Avisa var eit produkt av Høgre sitt ønske om å sikre valtriumfen frå 1894. Partiet sin strategi i Sogn og Fjordane var å gje ut så mange nye aviser som mogleg, så raskt som råd. Frå utsida blei oppdraget utforma av mediestrategane i Bergen Høgre, som igjen lente seg på den avisfaglege kompetansen i den store konservative avisa Bergens Aftenblad.

Avisa Nordfjord skulle bli ein viktig utpost for Høgre i området rundt Sandane. Nordfjord skulle demme opp for den politiske påverknaden Venstre-organet Fjordenes BladNordfjordeid hadde hatt på regionen i meir enn 20 år. Nordfjord tviheldt mellom anna på riksmålet og den konservative kursen, etter støtte frå Høgre.

Nødhjelp for å overleve

I 1930-åra måtte bladet fleire gonger ty til nødhjelp frå partiet for å overleve. Avisa på Sandane blei også eit nytt lokalblad, til glede for dei som budde på sørsida av den lange Nordfjorden, og jamvel sørover til Sunnfjord. Regionen Sandane-Førde hadde ikkje hatt lokalavis fram til då.

Rasmus Thorsen var første utgivar og redaktør. Etter eitt års tid gjekk det så godt for Nordfjord at Thorsen reiste til Vik i Sogn for å etablere endå ei Høgre-avis: Sogningen. Fleire bladstyrarar var innom avisa Nordfjord dei første åra og dreiv avisa ved sidan av anna verksemd. Første tida var prega av mykje redaksjonelt amatørskap, noko som endra seg då O.J. Nyhagen kom på plass som redaktør.

Familieføretak

Nyhagen styrte bladet i meir enn tretti år. Avisa var eit typisk familieføretak, og gjennom mellomkrigstida tok bladstyrar Nyhagen sine tre søner og to døtrer aktivt del av redaksjonen. Nyhagen var også ein allsidig idrettsfamilie og gjorde Nordfjord til den fremste og tidlegaste sportsavisa i amtet. Etter 1924 måtte avisa dele Gloppen og området rundt med Firda Tidend, som var det første Bondeparti-bladet i Sogn og Fjordane.

Etter instruks frå okkupasjonsmakta under andre verdskrigen vart Nordfjord lagt ned i 1942. I avskilshelsinga ønskte avisa lesarane vel møtt igjen, men vart ikkje starta opp att. Då krigen var over valde Høgre å avstå frå å gjenopplive avisa på Sandane og styrte ressursane sine til ei anna avis i Nordfjord, Fjordingen i Stryn.

Opplag

År Opplag
1920 1000
1932 1500

Fakta

  • Fyrste nr. 27.6.1896, Siste nr. 28.8.1942.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg