Øldalen i Nord-Fron kommune.
Øldalen i Nord-Fron kommune. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Nord-Fron

Faktaboks

Etymologi

Norrønt frón ‘land, jord’ eller avleiing til elvenamnet Frya

Landareal
1 092 km²
Innbyggertall
5628 (2022)
Administrasjonssenter
Vinstra
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3436 (frå 01.01.2020, tidlegare 0516)
Høyeste fjell
Heimdalshøe (1843 moh.)

Kommunevåpen

Nord-Fron

Nord-Fron. Tettstaden Kvam og Gudbrandsdalslågen, sett frå ein høgtliggande gard i Leinebakken. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Hågå
Nordgard Hågå, Sødorp.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Nord-Fron er ein kommune i Innlandet fylke, midt i Gudbrandsdalen. Nord-Fron ligg på begge sider av Lågen mellom Sel og Sør-Fron kommunar. Mot vest går grensa mot Vågå og Øystre Slidre, og mot aust strekker Nord-Fron seg inn i den sørlege delen av Rondane nasjonalpark. Den vestlige delen omfattar mye av Vinstras dalføre med mellom anna sidedalen Sikkilsdalen.

Nord- og Sør-Fron var opphavleg ein kommune (Fron) som i 1851 vart delt, i 1966 slått saman att og i 1977 delt for andre gong.

Natur

Omkring Sikkilsdalen og Heimdalen sønnafor dannar dei harde bergartene i Jotunheimen høge fjell som Sikkilsdalshø (1778 meter over havet), og Heimdalshø (1843 meter over havet) på grensa mot Vågå. Det meste av grunnen elles har sedimentære og metamorfe bergarter; sparagmitt i Rondane og fyllitt som gir fruktbart jordsmonn i seterfjellet på begge sider av hovuddalføret.

Befolkning og busetnad

Busetnaden er tett i hovuddalføret, med administrasjonssenteret Vinstra og den mindre tettstaden Kvam. For øvrig bur mange på nordsida av Vinstradalen, der Skåbu har fast busetnad opp til 850 meter over havet. Skåbu er ei gammal jord- og skogbruksbygd som har allmenningens sag og høvleri og møbelfabrikk. Nord-Fron har hatt ein svak nedgang i folketalet sidan 1980-åra. I tiårsbolken 2009 til 2019 gikk folketallet attende med 1,0 prosent.

Næringsliv

Brunost
Anne Haav frå Nord-Fron blir tilskrive æra for den norske brunosten slik vi kjenner han i dag.
Brunost
Av .
Skåbu
Nord-Fron er Innlandets største kraftkommune. Vatnet Olstappen (668-655 moh.) er inntaksmagasin for Nedre Vinstra kraftverk. På flata over dalen ligg fjellbygda Skåbu. I bakgrunnen til venstre ser ein Heidalsmuen på grensa mot Sel kommune.
Lisens: CC BY 2.0

Det blir dyrka ein del korn langs Lågen, men jordbruket satsar både her og i høgareliggande strøk særlig på husdyrhald og utnytting av gode fjellbeite. Det er ein del industri i dei to tettstadene, særleg knytt til lokale tradisjonar og naturgrunnlag, til dømes trevare- og møbelindustri og kunsthandverk. Skogavvirkinga var i 2016 på 20 000 kubikkmeter, det meste furu.

Nord-Fron er den største kraftkommunen i Innlandet, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1901 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er fire kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 443 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Nedre Vinstra kraftverk (i drift frå 1953) og Øvre Vinstra kraftverk (1959).

Handelsnæringa er godt utbygd, særleg på Vinstra, og har noko av kundegrunnlaget sitt i ein stor turisttrafikk. Reiselivsbransjen har utvikla seg mykje sidan 1990-åra og utgjer ein viktig del av næringslivet i kommunen.

Samferdsel

Fefor
Frå Fefor.

Gjennomgangstrafikken går langs Lågen, med E6 og Dovrebanen. På sør-/vestsida går fylkesveg 256 mellom Hundorp og Vinstra, vidare fylkesveg nord for Vinstra. Fylkesveg 255 går opp Vinstras dalføre og langs Espedalsvatnet til Gausdal. Frå Skåbu går Jotunheimvegen langs Vinstre (Vinstervatnet) til Bygdin.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vinstra vidaregåande skule har blant anna landslinje for folkemusikk.

Nord-Fron hører til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Midt-Gudbrandsdal regionråd saman med Ringebu og Sør-Fron.

Nord-Fron kommune svarar til dei fire sokna Kvam, Kvikne, Skåbu og Sødorp i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet hørte Nord-Fron til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Nord-Fron

For statistiske formål er Nord-Fron kommune (per 2016) inndelt i fire delområde med til saman 29 grunnkrinsar:

  • Kvikne: Skåbu sentrum, Skåbu øvre, Skåbu nedre, Graupe, Kvikne, Vinstrafjellet
  • Ruste: Tårud, Lo, Sorperoa 1, Sorperoa 2, Ruste øvre, Ruste nedre, Rudland
  • Sødorp: Sødorp øvre, Sødorp nedre, Vinstra 1, Vinstra 2, Vinstra 3, Toksefeltet, Vika, Tokse, Vulufjell
  • Kvam: Brekka, Vik, Kvam 1, Kvam 2, Leine, Kjørum, Feten

Historikk og kultur

Ved Vinstra ligg Peer Gynt-garden Hågå med 15 gamle hus. Det er mange kjende hotell og andre turistbedrifter, både ved Furusjøen mot Rondane og i Vinstras dalføre. På Vinstra blir det kvart år arrangert Peer Gynt-stemna og Country Music Festival. Ved Jotunheimvegen ligg eit restaurert falkefangeranlegg, truleg frå 1600-talet. I slutten av april 1940 var det harde kampar mellom tyske og britiske troppar på Kvam. Kampane i Gudbrandsdalen er tema for Gudbrandsdalen krigsminnesamling på Kvam. Sødorp og Kvikne har bygdetun. Sødorp kyrkje på Vinstra er ei korskyrkje i tømmer, bygd i 1752.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1980) har ein oppreist gullfarga hest mot ein raud bakgrunn, det symboliserer hesteavl og hestetradisjonar.

Kart

Nord-From kommune

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron, 1974, Les boka
  • Kleiven, Ivar: Fronsbygdin : gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1930, Les boka
  • Sveipe, Even: Fron-slekter, 1949, Les boka
  • Øvrelid, Ragnar: Historia om Fron, 1987–91, 2 bind. Les bøkene

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg