Nomenfrase er i grammatikk eit setningsledd der eit substantiv eller eit pronomen er det viktigaste leddet — aleine eller med tillegg.

Faktaboks

Uttale

n'omen-frase

Her er nokre eksempel:

  • eit substantiv aleine: jenta, gutane
  • eit substantiv med eit determinativ føre: den jenta, desse gutane
  • eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre: den vesle jenta, dei store gutane
  • eit substantiv med ein preposisjonsfrase etter: jenta med flettene, guten i røyken
  • eit substantiv med ei relativsetning etter: jenta som eg møtte på torget
  • eit substantiv med eit determinativ og eit adjektiv føre og eit possessiv etter: den vesle jenta mi
  • eit pronomen aleine: ho, han, dei, eg
  • eit pronomen med ein preposisjonsfrase etter: ho med fletter

Strukturen til nomenfrasen

Substantivet eller pronomenet kallar vi hovudet i nomenfrasen, medan tillegga er adledd:

adledd hovud adledd
den vesle jenta med fletter
jenta som eg møtte på torget

Hovudet blir òg kalla kjerne eller overledd, medan adledda òg går under namn som attributt og underledd.

Funksjonen til nomenfrasen

Ein nomenfrase kan mellom anna stå som subjekt eller objekt i ei setninga, som i denne setninga:

subjekt verbal objekt
Den tynne guten med blå skjorte likar steikt makrell

Nomenfrasen kan òg fungere som styring/utfylling i ein preposisjonsfrase:

preposisjon styring
i det vesle huset
med lange fletter

Meir om frasar

Ein frase er eitt eller fleire ord som tener som ei grammatisk eining og som har eit hovud og eventuelle adledd. Mellom andre frasetypar finn vi desse, der hovudet i eksempla står i kursiv:

  • adjektivfrase: redd; veldig redd; kjekk å ha
  • preposisjonsfrase: taket; i den gamle hagen
  • adverbfrase: ofte; ganske ofte

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg