Njord er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Njǫrðr. Namnet er kanskje laga til ordstammen *ner som tyder ‘kraft’ (jamfør gudinnenamnet Nerthus i «Germania» av Tacitus, 98 e.Kr.).

Namnet har fleire variantar: Njord, Njård.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Njord som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: [Íslensk orðsifjabók]. Reykjavík.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg